Jente med ipad. foto

INTROMAT

Persontilpassa og teknologibasert behandling for psykisk helse


I løpet av livet vil 20-25% av befolkninga oppleve angst og/eller depresjon. Blant unge opplever 8% dette. I prosjektet INTROMAT vil vi gjennom forsking og innovasjon integrere psykologi og IKT, for å skape eit betre helsetilbod til pasientar med psykiske lidingar.

INTROMAT skal betre folkehelsa ved å utvikle persontilpassa teknologibasert psykologisk behandling for menneske i og utanfor helsetenesta. Dette oppnår vi gjennom samarbeid mellom IT-forskarar, IT-industri, helsesektoren, helseforskarar og brukarane. Prosjektet bidrar til utvikling av IT-industri relevant for helsesektoren. I INTROMAT jobbar fagmiljøa innan IKT og helse saman for å utvikle digitale helsetilbod til unge og eldre.

INTROMAT består av fem delprosjekt:

  1. Tilbakefallsførebygging ved bipolar liding
  2. Kognitiv og emosjonell kontroll: Trenings- og støttetiltak for vaksne med ADHD
  3. Jobbfokusert behandling ved depresjon hos vaksne
  4. Tidleg intervensjon og behandling ved sosial angst
  5. Psykososial støtte for kvinner etter gynekologisk kreft

All utvikling i INTROMAT-prosjektet startar med prototyping og held fram med kliniske testar. Deretter følgjer implementering og /eller kommersialisering.

INTROMAT blei i 2016 tildelt 48 millionar kronar frå Norges forskningsråd (NFR) for perioden 2016-2020, som eitt av tre IKT-fyrtårn-prosjekt i Noreg innan helse-, omsorgs- og velferdssektoren.

Studie

INTROMAT - INtroducing personalized TReatment Of Mental health problems using Adaptive Technology

Avdeling

Divisjon Psykisk helsevern

Rolle

Koordinerende institusjon

Samarbeidspartnarar

  • Modum Bad
  • Universitetet i Bergen (UiB)
  • Universitetet i Oslo (UiO)
  • Høgskulen på Vestlandet (HVL)
  • IBM
  • ATTENSI
  • Bryggen Research
  • Explorable
  • CheckWare
  • Imatis
  • Psyktools
  • Telenor
  • Bergen Teknologioverføring (BTO)
  • Helse Vest IKT (HVIKT)

Prosjektleiar

Psykologspesialist/førsteamanuensis

Tine Nordgreen

E-post

tine.nordgreen@helse-bergen.no

Arbeidspakkeleiarar

  • Prof Jim Tørresen, UiO
  • Prof Frode Guribye, UiB
  • Prof Yngve Lamo, HVL
  • PhD Tine Nordgreen, HUS
  • Yngvar Skar, HVIKT

Delprosjektleiarar

Prof. Kjetil Ødegård (1), prof. Astri Lundervold (2), prof. Åsa Hammer (3), prof. Asle Hoffart (4), overlege Henrica Werner (5)

Ekstern finansieringskilde

Norges Forskningsråd – (IKTPLUSS - IKT-FYRTÅRN)

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.