Psykoseforsking med erfaringskompetanse (PEK)
Psykoseforsking med erfaringskompetanse (PEK) er eit spesialisert brukarråd beståande av personar med eigenerfaring og pårørandeerfaring med psykoselidingar. Me er ein del av Bergen Psychosis Research Group (BPRG) og er per i dag finansiert av Mohn forskingssenter for psykoselidingar (MRCP).

Brukarmedverknad i forsking
Brukarmedverknad i forsking er viktig for gjennomføringa av brukar- og pasientnær forsking i helsetenestene. Det kan vere å gi andre perspektiv på korleis ein kan forstå resultata, eller å bidra til å gjere gjennomføringa mindre belastande for dei som deltek i forskinga.
Medan brukarmedverknad i tenestane ofte handlar om å finne alternative svar, handlar brukermedverknad i forsking ofte om å stille andre spørsmål. Ei god og reell form for brukarmedverknad krev ein gjensidig vilje mellom medverkar og forskar til å la seg påverke av kvarandre. Det krev trygge rammer for begge partar.
Kva er PEK?
Psykoseforsking med erfaringskompetanse (PEK) er eit spesialisert brukarråd av personar med eigenerfaring og pårørandeerfaring med psykoselidingar. Vi er ein del av Bergen Psychosis Research Group (BPRG), og er per i dag finansiert av Mohn forskingssenter for psykoselidingar (MRCP). Vi har møte på ettermiddag, éin gong i månaden og held til i Forskingseininga sine lokale ved Psykiatrisk klinikk i Sandviken.
Møta kan innehalde både forskingsprosjekt til drøfting, og generell opplæring for å betre kunne forstå forskingsprosessar. Vi har òg felles halvdagsseminar med forskargruppa med tema relatert til brukarmedverknad éin gong per semester. I tillegg får medlemmene tilgang til vekentlege forskingsmøte og dekka utgifter til fagdagar eller konferansar i regi av avdelinga. All møteverksemd der det er forventa at medlemmene skal bidra, skal honorerast etter Helse Bergen sine satsar for brukarmedverkarar.
Korleis få til samarbeid med PEK?
Det at vi har faste møter som allereie er finansierte, gjer at vi er tilgjengelege til å diskutere prosjekt før midlar er på plass. Det gjer det mogeleg for oss å kunne bidra i startfasa av prosessen. Til søknadar om midler ønskjer vi oss uferdige prosjektskisser. Dess meir gjennomarbeida og ferdigstilte prosjektprotokollar, dess mindre reell er medverknaden.
Om du har ein idé du ønskjer å drøfte med PEK, så ta kontakt med leiar på e-post. Sjå kontaktinformasjon under. Vi ser helst at du deltek fysisk på møter, det betrar kommunikasjonen, men vi kan leggja til rette for digitale framlegg om ikkje anna lar seg gjere. Til dømes på grunn av avstandar.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.
Kontakt
Leiar: Anne Alnes Blindheim
E-post: anne.alnes.blindheim@helse-bergen.no
Telefon: 948 62 144
Nestleiar: Oda Djupevåg
E-post: oda.djupevag@helse-bergen.no
