Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Neuroinflammation in adolecents with psychosis project (NAPP)

Formålet med studien er å kartleggja dei to første åra av eit psykoseforløp, og korleis psykoselidinga påverkar ungdom og unge vaksne.

Om studien

Nyere forsking tyder på at betennelsesfaktorar og auka aktivitet i immunforsvaret kan ha betydning ved psykoseliding.

Denne observasjonsstudien skal skaffa auka kunnskap om psykoselidingar. Ungdom med psykose er ein like uensartet gruppe som ungdommar flest, så fokus på individet er nødvendig. Målet med studien er å få meir innsikt i korleis sjukdomsutviklinga til den enkelte artar seg, slik at me kan tilpassa behandlinga individuelt.

Me ønskjer å undersøkja korleis psykoselidinga påverkar sjølvbiletet til ungdommane, aktivitet i skule og fritid - sosialt og fysisk - og dessutan biologi - hjerneutvikling, hormonelle forhold, inflammasjonsstatus og anna. Me ønskjer òg å kartleggja effekt og biverknader av bruk av psykoaktive legemiddel.

Les meir om studien

Prosjektside i Cristin (Current research information system in Norway)

Informasjon om deltaking

Rekrutteringa er avslutta

Kven kan delta?

Deltakerne i studien er mellom 12 og 25 år, og har opplevd symptom på psykose.

Kva inneber studien?

Studien inneber mellom anna:

spørsmål om sjukehistorie og symptom
blod- og urinprøver
nevropsykologiske testar
MR undersøking

Det vil òg bli innhenta relevant informasjon frå journal og gjennom spørjeskjema og intervju av føresette eller andre personar som kjenner pasienten godt.

Studien er ein oppfølgingsstudie og varer i 2 år. Den inneber undersøkingar på ulike tidspunkt, ved inklusjon, og etter 3, 6, 12 og 24 månader.

Utover blodprøvetaking, den tida undersøkingane tek og eventuell MR, inneber ikkje deltaking noka ulempe. Hovudbehandlar vil få informasjon om resultata frå undersøkingane.

Sist oppdatert 21.06.2024