Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Europeisk studie om langtidsvirkende antipsykotika hos pasientar med schizofreni (EULAST)

EULAST er ein stor uavhengig europeisk studie av antipsykotiske legemiddel, hvor beste måte å bruka eksisterande medisinar vart undersøkt.

Det finst mange ulike antipsykotiske medisinar for schizofreni, nokon i tablettform, andre i sprøyteform. For nokon fungerer tablettar best. Andre har større nytte av månadlege sprøyter. Ofte bruker ikkje pasientar medisinen som tilrådd: dei bruker den uregelmessig eller sluttar utan å snakka med legen sin. Dette kan føra til forverrelse av symptom, nokre gonger òg i behov for sjukehusinnlegging.

I EULAST har ikkje vore testa nye medisinar. I staden vart beste måte å bruka eksisterande medisinar undersøkt. Fekk pasientar som vart behandla med medisin i sprøyteform betra resultat og tolte medisinen betra samanlikna med dei som brukte tablettar, eller var det omvendt?

For å undersøkja dette fekk pasientar med schizofreni tilfeldig tildelt eitt av 4 kjende antipsykotiske legemiddel i studien, 2 i tablettform, 2 i sprøyteform, og vart følgt opp med regelmessige kontrollar i halvtanna år.

Det er vidare planlagt å gjennomføra ein etterkontroll som omhandlar 
éin enkeltvisitt 3-10 år etter baselineundersøkinga i EULAST. Meir informasjon om etterkontrollen finst her:

EULAST-II

 

Sist oppdatert 08.07.2024