Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bergen Psychosis Research Group - BPRG

Bergen Psykoseforskingsgruppe

BPRG forskar på ulike psykoselidingar. Gruppa arbeider med å utvikla betre behandlingstilbod til pasientar som lir av psykotiske tilstandar. Me vil kartleggja og forstå biologiske og kliniske mekanismar som er involverte i utvikling av psykose. BPRG har både nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.

Tekst

Velkommen til Bergen Psykoseforskningsgruppe (BPRG) nettsida si. Her finn du informasjon om forskingsprosjekta våre.         

Psykose er eit samlebegrep for tilstandar beståande av eit eller fleire symptom. Døme på slike symptom kan vera stemmehøyring, mistenksomhet eller kognitive vanskar. Psykose kan opptre som ei primær psykisk liding eller sekundært til ein underliggjande kroppsleg tilstand eller rusmiddelbruk. Førekomsten av schizofreni, som er den vanlegaste psykoselidinga, er ca 1% av befolkninga. Samla førekomst av psykoselidingar er ca 3%. Fleirtalet av pasientane vil få god effekt av antipsykotisk medikasjon i kombinasjon med andre behandlingstiltak. Nokre av pasientane våre vil likevel ikkje få tilstrekkeleg effekt, og/eller oppleva ubehagelege biverknader av eksisterande behandlingsmoglegheiter. Me ønskjer derfor å bidra til betre behandling gjennom klinisk forsking, og forbetra forståing av sjukdomsmekanismar gjennom basal forsking.  

Brukarmedverknad gjer forskinga meir relevant for pasientane våre. Brukarpanelet

 Psykoseforskning med Erfaringskompetanse (PEK) er derfor ein integrert del av BPRG.


Gruppa har frå 2022 hatt æra av å vera tilknytta

Trond Mohn forskningssenter for regenerativ medisin (MRCRM), og Erik Johnsen 

leier prosjektet Persontilpasset medisin i psykosebehandling som er eit av hovudprosjekta i MRCRM. 

BPRG- leiar Erik Johnsen etablerte den 01.03.2024 eit nytt forskingssenter:

Mohn forskningssenter for psykoselidelser. Senteret er finansiert med løyving frå Trond Mohn Forskningsstiftelse (TMF), Haukeland universitetssjukehus, Universitetet i Bergen og Oslo universitetssjukehus.

 

Aktive forskingsprosjekter som inkluderer deltakerer:

Pågåande prosjekter med avsluttet inkludering: 

  • NAPP
  • EULAST
  • BeSt InTro
  • NorPEPS
  • Purpose
  • PamCov

Epost: psykoseforskning@helse-bergen.no

Koordinator Lin Lilleskare kan kontaktes på telefonnummer 48133300.

 

 

Sist oppdatert 24.06.2024