Kontroversar: Tvang
Tvang i psykisk helsevern er kontroversielt – nokre behandlarar brukar det ofte, andre sjeldan. Men kva gir best resultat for pasientane? Og er du meir eller mindre sannsynleg for å bli tvangsinnlagt, avhengig av kor du bur?
Om prosjektet
Prosjektperiode: 2018-2029
Tvunge psykisk helsevern, med eller utan døgnopphald på sjukehus, er ein del av behandlingsapparatet for pasientar med alvorlege sinnslidingar. For mange inneber dette òg tvangsmedisinering. Gjer meir eller mindre tvangsbruk best prognose for desse pasientane på lang sikt?
Tvunge psykisk helsevern, med eller utan døgnopphald på sjukehus, er ein del av behandlingsapparatet for pasientar med alvorlege sinnslidingar. For mange inneber dette òg tvangsmedisinering. Gjev meir eller mindre tvangsbruk best prognose for desse pasientane på lang sikt?
Tvunge psykisk helsevern er eit alvorleg inngrep i fridomen til pasienten og skal berre brukast som siste utveg etter at frivillig behandling er prøvd eller openbert fånyttes. Etter endringa av psykisk helsevernlova i 2017 kan tvunge psykisk helsevern berre nyttast for pasientar med alvorleg sinnsliding som manglar samtykkekompetanse, eller dersom det er nærliggjande og alvorleg fare for pasienten sjølv eller andre. Legen som begjærer tvangsinnlegging, og psykiateren/psykologspesialisten som fattar vedtak på sjukehuset, må derfor utøve betydeleg klinisk skjønn for å vurdere om vilkåra for bruk av tvang er oppfylte.
Nær 40 % av dei som blir begjærte innlagt på tvangsparagraf, blir likevel ikkje tekne inn på tvang når dei kjem til sjukehuset. Ein tredjedel av pasientane som blir lagde inn til tvungen observasjon (§3.2) for å vurdere om kriteriet for tvang er oppfylt, blir heller ikkje konverterte til tvunge psykisk helsevern. Dette tyder på at det er usikkerheit knytt til desse vurderingane, og at det finst ulike oppfatningar om kor nødvendig bruk av tvang eigentleg er. Tidlegare forsking har vist stabile geografiske skilnader i bruk av tvangsinnlegging mellom DPS-områda – skilnader som ikkje berre kan forklarast med ulik pasientsamansetjing.
Av etiske, økonomiske og praktiske årsaker er randomiserte studiar ikkje eigna til å undersøkje om pasientane får betre prognosar ved låg eller høg bruk av tvang. Det er uklart om tvang fungerar etter intensjonane til lovgjevar, samstundes som menneskerettslege omsyn gjer at det blir lagt stadig større vekt på å redusere tvangsbruk. For pasientane kan det vere avgjerande om dei blir tvangsinnlagde alt etter om dei bur på den eine eller andre sida av kommunegrensa – noko som kan verke som eit lotteri.
Vi vil bruke denne geografiske variasjonen mellom opptaksområde som eit naturleg eksperiment for å undersøkje kva tilnærming som gjev dei beste prognosane for pasientane på kort og lang sikt.
Prosjektet er finansiert av Forskningsrådet - HELSEVEL - Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstjenester - #326407
Godkjenning: REK #2017/2436