Prognoseprosjektet: Unge med psykiatriske diagnosar
Ei rekordhøg mengd barn og unge får ein psykisk diagnose, og talet ser ut til å auke. Korleis går det med dei av oss som får ein slik diagnose i ung alder seinare i livet, og kor godt fungerer behandlingstilboda vi har?
Om prosjektet
Prosjektperiode: 2025 - 2029
Vi veit overraskande lite om korleis livsprognosen ser ut over eit tidsspenn på ti år for barn og unge pasientar innan psykisk helsevern. Årsaka er at nesten ingen land har tilgjengelege data som gjer det mogleg å gjennomføre slike studiar. I samarbeid med FAFO gjennom eit pågåande, NFR-finansiert prosjektet NEUROLIFE har vi starta undersøkingar av dette for sju diagnosegrupper innan psykisk helsevern: ADHD, autisme, tics, depresjon, angstlidingar, eteforstyrringar og åtferdsforstyrringar.
Prosjektet er finansiert av Helse Vest - Strategiske forskingssatsingar - #38971
Godkjenning: REK #2017/2436