ADHD-prosjektet
Delen barn og unge som får ADHD-medisiner varierer betydeleg mellom BUPer: Gjev liberal eller restriktiv forskrivingspraksis best prognose?
Om prosjektet
Prosjektperiode: 2019 - 2026
Prosjektet undersøkjer korleis klinisk variasjon i diagnostisering og behandling av ADHD påverkar prognosane for barn og unge. ADHD-diagnosar og medisinering har veldokumenterte korttidseffektar, men det er mindre kunnskap om langtidsverknader, særleg for barn som er i gråsona for diagnose og behandling.
Prosjektet har teke utgangspunkt i det naturlege "lotteriet" som oppstår når barn og unge blir tilvist til ulike BUP-ar i Noreg. Klinisk praksis varierer betydeleg mellom dei mest restriktive og dei mest liberale BUP-ar, sjølv når symptom på ADHD er tilnærma like i dei ulike opptaksområda. Denne variasjonen gjev eit unikt grunnlag for å gjennomføre naturlege eksperiment som eit supplement til randomiserte kontrollerte studiar.
Prosjektet er finansiert av Forskningsrådet - FRIPRO - #288585
Godkjenning: REK 2017/2150