Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva er TF-CBT?

Traumefokusert kognitiv atferdsterapi (TF-CBT) er en evidensbasert metode for behandling av traumesymptomer og post-traumatisk stressliding (PTSD). Derfor ønsker vi å undersøke korleis denne terapimetoden verker for menneskjer med psykose.

To hender som er på vei til å slås mot hverandre

TF-CBT er effektivt for å redusere traumesymptom, og forsking har vist at denne terapimetoden er betre enn terapiar som ikkje involverer å snakke om traumet, og han er like effektiv som andre evidensbaserte terapiar traume som EMDR.

TF-CBT er ein terapi der samarbeid er viktig. Du og terapeuten din må danne ein relasjon basert på tillit, og det er viktig at du kjenner deg trygg og føler at du har fått svar på alle spørsmåla du måtte ha. De bestemmer dykk for vegval i terapien saman, også for kva traume du vil jobbe med. Følgjande komponentar er ofte ein del av TF-CBT.

  1. Jording og stabilisering
    Øve på teknikkar for å handtere dei overveldande kjenslene traumet bringar. Desse kan inkludere avspenningsøvingar eller andre teknikkar for å hjelpe deg å hald deg forankra i her-og-nå.

  2. Arbeid med minne
    Du må nærme deg minna dine om traumet for å behandle dei rett. Dette kan innebere å snakke gjennom det som skjedde, medvite førestille seg hendingane, eller skrive eller teikne rundt raumene. Dette blir kalla minnebearbeiding (eksponering) og blir gjort veldig systematisk i TF-CBT.

  3. Arbeid med overtydingar
    Folk prøver alltid å forstå kva som skjer med dei. Av og til skjer det hendingar som er så katastrofale at vi kjem til å sjå oss sjølve og verda på ein veldig negativ måte. Arbeid med overtydingar i TF-CBT handlar om å forstå kva ein tenkte rundt traumet då det skjedde, og finne kva som er ein meir formålstenleg måte å tenkje om deg sjølv og din situasjon no.

  4. Vinne tilbake livet ditt
    Traume har ofte effekten av å «stele» folks liv – det er veldig vanleg etter traume å byrje å unngå ting som gjer deg ukomfortabel. Effektiv terapi handlar om å ta tilbake det i livet ditt du pleidde å setje pris på, eller byggje eit nytt liv som du kan verdsetje.
Sist oppdatert 02.07.2024