Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva er eit traume?

Mange av oss vil oppleve traume på eit tidspunkt i livet, det vil seie ei oppleving som er truande, skummel, overveldande, eller utanfor kontrollen vår.

Et barn som står med ansiktet mot og lener seg på et tre

Vanlege traume er ulykker, å vere eit offer for fysisk eller seksuell vald, eller å vere i ein livstruande situasjon som krig eller naturkatastrofe. Mobbing og det å bli å ikkje bli vareteke som barn kan også vere traumatisk. For menneske med psykose kan det å ha opplevd skremmande overtydingar og opplevingar vere eit traume, eller kraftige møte med helsevesenet og bruk av tvangsmiddel.

Overlevande av traume kan kjenne vere i sjokk, kjenne seg redd, skuldig, skamfull, sint eller sårbar. Med tida kjem dei fleste over opplevingane sine utan å trenge profesjonell hjelp. Men i ein stor del av menneske kan effektane av traume vare mykje lengre. Traume har ein tendens til å vere vanskelegare å komme seg frå viss det blir gjenteke, eller viss det skjer i barndommen.

Kva er posttraumatisk stressliding (PTSD) er ein diagnose som blir brukt viss an har mange vedvarande plager etter traume. PTSD har fire hovudgrupper av symptom:

  • Gjenoppleving av minne eller kjensler frå traumet
  • Ei auka kjensle av å vere i fare eller vaktsemd
  • Unngåelse av påminningar om traumet
  • Endringar i trua di på deg sjølv, verda, andre menneske, eller framtida di
Sist oppdatert 25.06.2024