Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brukarmedverknad

KIT studien er sterkt ønskt av menneskjer med erfaring frå psykose som etterlyser behandling der ein fokuserer på kva ein har opplevde av vonde ting. For å verkeleg utvikle ein studie som er nyttig for mennesket med psykose er det viktig at studien er på pasientanes premissar, og er genuint nyttige og med det rette fokuset sett frå brukaranes perspektiv

Den primære brukargruppa er menneske med levd erfaring frå psykose, ei gruppe som over tid har etterlyst traumefokusert terapi for SSDs.

Illustrasjon som viser et hode og en hånd

 

Ekspertgruppa for menneske med erfaring frå psykose i Helse Bergen; Psykoseforsking med Erfaringskompetanse (PEK), har vore med å gi råd til korleis KIT-studien skal formast ut. PEK tilrår KIT studien på det sterkaste, og har vore avgjerande for utviklinga til studien. KIT studien er derfor designa i tråd med ønska til pasientane for studiedesign, inklusjonskriterium og kartlegging. PEK blir leidd av erfaringskonsulent Anne A. Blindheim (Bergen), som også er medforskar i KIT. I tillegg har KIT brukermedvirkere ved alle dei andre KIT-lokasjonane som til saman er eit eige nasjonalt brukarråd for KIT leidd av Blindheim. Brukarrådet vil ha eigne møte og gi råd og innspel på studieprosessen, og diskutere implementerings og formidlingsstrategiar.

KIT har også fått verdifull tilbakemelding og innspel frå Erfaringspanelet for psykisk helse og rus i Helse Bergen. I tillegg vil brukarutval og brukarorganisasjonar i Noreg ha ei viktig rolle i å formidle informasjon om KIT-studien og implementering av resultat. For tidlegare studiar av forskarar i KIT har brukarrepresentantar leidd eller delteke i seminar der forskingsfunn er presentert, og dessutan vore medforfattarar på vitskaplege artiklar og konferansepresentasjonar. Dette er også planlagt for KIT-studien.

Les meir om PEK: Psykoseforskinga treng deg som har eigenerfaring - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)

Les meir om erfaringspanelet psykisk helse og rus i Helse Bergen: Erfaringspanel - psykisk helse og rus - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)

 

Sist oppdatert 26.06.2024