Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

KIT – Integrert traumebehandling ved psykose

Ein majoritet av menneske med psykose fortel at dei har opplevde traume og slit med etterverknadene av dette. Men i dag får ikkje menneske med psykose behandling for plagsame traumesymptom. Derfor må vi utvikle ei god og verknadsfull traumebehandling; utvide den persontilpassa verktøykassa ved psykose.

Logo for KIT

KIT – The Key to Integrated Trauma treatment in psychosis (nøkkelen til Integrert Traumebehandling ved psykose) er ein behandlingsstudie som undersøkjer effekten av traumebehandling som eit tillegg til standard behandling.

Menneske som har psykose og er plaga av tidlegare traume (slik som barndomstraume, mobbing, traume knytt til psykoseopplevingar og helsehjelp) får evidensbasert behandling for traume og blir kartlagd over tid for å undersøkje om behandlinga har ønskt effekt også innan psykose.

60-80% av menneske med psykose har opplevd traume

  • Barndomstraume (t.d. overgrep, fysisk/kjenslemessig mishandling og omsorgssvikt, mobbing
  • Psykoserelatert (t.d. tvinga, skremmande psykoseopplevingar)
  • Andre (t.d. vald, ulykker, krigsrelaterte opplevingar)

20 % har ingen eller milde traumeerfaringar.

 

 

Prosjektleiare

Sist oppdatert 02.07.2024