HELSENORGE
Forskingsavdelinga, Divisjon psykisk helsevern

Forskingsprosjekt for nevrostimulerande behandling ved alvorleg depresjon

Føremålet med forskinga er å få meir kunnskap om hjernen sin funksjon, om depresjon og om nevrostimulerande behandling med elektrokonvulsiv terapi (ECT) og transkraniell magnetisk stimulering (TMS). 

Prosjektet er nyttig for å få meir forståing for hjernen sin funksjon, depresjon og nevrostimulerande behandling. Vi håpar at forskinga vil bidra til å utvikle nye måte​​r å forstå kva pasienta​r som vil ha størst nytte av behandlinga​.

Deltakarane i prosjektet tar testar som MR, blodprøvar, evnetestar og lyttetestar. Ein tar testane både før, under og etter behandlinga. ​

Pasientar som er tilvist til behandling for TMS eller ECT kan delta i studien. Spør din behandlar. Vi rekrutterar også friske kontrollpersonar - ta kontakt om du er interessert. 

Dataa som blir samla inn i studien vil nyttast vidare i forskingsinfrastrukturen til GEMRIC-studien.

Resultatar fra forskinga vil bli publiserte her.

Prosjektleder Leif Oltedal

leif.oltedal@uib.no​




Fann du det du leita etter?