Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsgruppe psykiatrisk epidemiologi og helsetenesteforsking

Forskingsgruppa nyttar kliniske data og registerdata på regionalt og nasjonalt nivå til å undersøke uønskte konsekvensar av psykiske lidingar: Sjølvmord, sjølvskading og tidleg død; sysselsetjing og trygd; kriminalitet og vald. Desse analysane vert utførte med tanke på å førebygge at psykiske lidingar får slike negative konsekvensar ved skalerbare kliniske og strukturelle tiltak.

illustrasjonsfoto

Forskingsgruppa sin funksjon:

  • Bruke av eksisterande registerdata, epidemiologiske data og kliniske data til forskingsformål.
  • Publisere innan psykiatrisk epidemiologi og helsetenesteforsking i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift.
  • Samarbeide med forskarar nasjonalt og internasjonalt.
  • Tilby eit stimulerande og attraktivt fagmiljø for forskarar på ulike nivå.
  • Sikre forskingsfinansiering.
  • Utvikle høg kompetanse på forskingsmetode.

Sikre høg kompetanse på formalia i slik forsking, herunder krav frå REK (Regional komité for medisinsk og helsefagleg forsking) og GDPR (General Data Protection Regulation).

Forskingsgruppa sin arbeidsmåte:

  • Hyppige prosjektspesifikke arbeidsmøte og rettleiingsmøter
  • Omlag fire møter i forskingsgruppa årleg der alle vert innkalla

Tilby attraktivt og stimulerande fagmiljø:

  • Forskingsgruppa sin aktivitet er finansiert av tre pågåande NFR (Norges forskningsråd)-finansierte prosjekt (programma FRIPRO, HELSEVEL, VAM) samt finansiering frå Helse Vest og eiga finansiering. Dette finansierer for tida ein forskingskoordinator og seks PhD stipendiatar i heile stillingar. I tillegg har vi bidrag i deltid frå professorar og erfarne klinikarar, delvis finansiert over nemnde løyvingar.
  • Det vert lagt til rette for at klinikarar kan delta i forskingsgruppa med eigne prosjekt eller bidrag til andre sine prosjekt. Forskingsgruppa legg til rette for tilgang til data, godkjenningar og rettleiing.

Prosjektet er eigd av Nordlandssykehuset HF (NLSH) og det er finansiert av Forskingsrådet. Jamfør samarbeidsavtale mellom NLSH og Helse Bergen (HB) er delar av registerforskinga, helseøkonomiforskinga og surveyforskinga lagt til forskingsgruppa ved Sandviken sjukehus.

Om prosjektet
Psykiske lidingar er no den vanlegaste årsaka til uførhet i dei fleste vestlege land, og andelen personar som blir uføre med psykiske lidingar har auka dei siste tiåra. Mindre enn ti prosent av personar med schizofrenidiagnose er i arbeid i Norge. Deltaking i arbeidslivet kan auke livskvaliteten til den enkelte, og samstundes redusere den økonomiske belastinga på samfunnet. Det kan finnast ei løysing på dette problemet. Individuell jobbstøtte (IPS) er spesielt tilpassa personar med alvorlege psykiske lidingar. Omlag 30 randomiserte kontrollerte studiar frå heile verda har synt at IPS aukar andelen av personar i arbeid samanlikna med tradisjonell arbeidsrehabilitering. Trass i den overveldande evidensen for effekten av IPS, har denne tilnærminga ikkje blitt implementert som standard praksis nokon stad i verda. Nasjonale politiske føringar fremjer no både implementering og spreiing av IPS, og det vert lagt vekt på kor viktig integrering i arbeidslivet er for menneske med psykiske lidingar. IPSNOR er eit stor-skala initiativ for å integrere IPS i spesialisthelsetenesta. Hensikta med prosjektet er å fremje implementering av IPS i Norge.

Prosjektet har seks arbeidspakkar, som kan formulerast som forskingsspørsmål:

  1. Aukar graden av sysselsetjing og vert velferdsytingar redusert i område der IPS er implementert? Vi vil følge IPS-satsinga i Nord-Norge som starta i 2018 og vi vil dessutan analysere tidlegare implementering av IPS i Norge.
  2. Kva er dei helseøkonomiske konsekvensane for offentleg sektor ved å implementere IPS?
  3. Kva er barrierane for å implementere IPS? Og korleis vert desse eventuelt løyst?
  4. Korleis opplever brukarane IPS?
  5. Kva er kjenneteikna ved IPS jobbspesialistar som lukkast i jobben?
  6. Kva er vanlege forløp (arbeid, helse, trygd) fram til uføretrygd vert innvilga?
  7. Forløp til uføretrygd for psykiske lidingar.


Godkjenningar
Delar av prosjektet er REK-godkjent (2012/2239). Prosjektet sin sluttdato er juni 2022. Prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd gjennom programma HELSEVEL og Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM).


Prosjektmedarbeidarar som har arbeid i Divisjon psykisk helsevern på fulltid eller i lengre forskingsopphald
- Arnstein Mykletun (prosjektleiar)
- Elisabeth Sandtorv, PhD-stipendiat 
- Daniil Butenko, PhD-stipendiat
- A-la Park, PhD-stipendiat
- Oda Lekve Brandseth, prosjektkoordinator
- Miles Rinaldi, IPS-ekspert fra NHS, London
- Eoin Killackey, professor ved University of Melbourne

Øvrige samarbeidspartnarar
Nasjonalt samarbeid:
- Universitetet i Tromsø – Norges Arktiske Universitet
- Helse-Nord RHF
- Folkehelseinstituttet
- Arbeids- og velferdsdirektoratet
- NAV i Troms, Nordland, Finnmark, Hadeland, Østfold og Hordaland.
Internasjonalt samarbeid
- London School of Economics, London, UK
- University of New South Wales og Black Dog Institute, Sydney, Australia
- The South West London & St Georges Mental Health NHS
- University of Melbourne

Prosjektet si offisielle nettside
Link til meir informasjon om IPS-prosjektet:
https://ipsnor.no/https://nordlandssykehuset.no/fag-og-forskning/kompetansesentre/kompetansesenter-for-arbeid-og-psykisk-helse


Publikasjonar
Brinchmann, B., Widding-Havneraas, T., Modini, M., Rinaldi, M., Moe, C. F., McDaid, D., Park, A., Killackey, E., Harvey, S. B. & Mykletun, A. (2019). A meta-regression of the impact of policy on the efficacy of Individual Placement and Support. Acta Psychiatrica Scandinavica. doi: 10.1111/acps.13129.


Modini, M., Tan, L., Brinchmann, B., Wang, MJ., Killackey, E., Glozier, N., Mykletun, A. & Harvey, S. (2016). Supported employment for people with severe mental illness: Systematic review and meta-analysis of the international evidence. The British Journal of Psychiatry. 209(1), doi: 10.1192/bjp.bp.115.165092.


Brinchmann, B. & Mykletun, A. (2012). Vil individuell jobbstøtte gi færre uføre? Tidsskrift for norsk psykologforening, 49(12), 1236-1239.

Kan vi redde liv ved betre utnytting av informasjon som er tilgjengeleg ved akuttpsykiatrisk innlegging?

Med SIPEA-2 studien ynskjer vi å bidra til reduksjon i dødsratane blant pasientar som har vore innlagt i psykiatrien.

Hovedmål
Hovedmålet med studien er å få fram kunnskap om korleis me betre kan identifisere dei personane som vert innlagt i psykiatriske akuttavdelingar som har auka risiko for sjølvskading/sjølvmordsforsøk eller tidleg død på grunn av sjølvmord, ulykker, eller sjukdom. Kunnskapen skal brukast i arbeidet med å skreddarsy behandling og førebyggjande tiltak.

Bakgrunn
Levetida for kvinner og menn som har vore innlagt i psykiatrisk sjukehus er høvesvis 15 og 20 år kortare enn for den generelle befolkninga. Det er nedslåande at moderne psykiatrisk behandling ikkje har makta å bidra til reduksjon i dødsratene de siste 30 åra. Med tanke på ressursane som er tilført psykiatrien i same periode, tyder dette på kunnskapsmangel snarare enn ressursmangel. Årsakene til tidleg død i denne gruppa kan væra sjølvmord, ulykker eller somatisk sjukdom. Når det gjeld sjølvmord, har fleire studiar vist at risikoen er særleg høg like etter utskriving frå psykiatrisk døgnbehandling. Studiar med lang oppfølgingstid har synt at risikoen også varer ved framover i tid. Det høge talet på ulykker i denne pasientgruppa kan romme mørketal for sjølvmord, men det er også truleg at nokon lever slik at dei er særleg usette for ulykker. Dette finst det lite kunnskap om. Når det gjeld fysiske sjukdommar, har tidlegare studiar vist at for eksempel kreft, diabetes eller hjartesjukdom ofte blir altfor seint oppdaga hos personar med alvorlege psykiske lidingar. Dermed kjem behandlinga for seint i gang og risikoen for alvorlege helseplager eller tidleg død aukar. Det har óg vorte stilt spørsmål om biverknader av antipsykotiske medisinar kan medverke til sjukdom og tidleg død. Sjølv om det til no er meir dokumentasjon på at dødelegheita er lågare hos pasientar som bruker antipsykotika enn hos dei som ikkje gjer det, er dette ikkje grundig nok utgreidd. Den auka risikoen for tidleg død blant psykiatriske pasientar handlar om heile gruppa, men å finne ut kven i den store gruppa som er har ekstra stor risiko er svært vanskeleg.

Kan vi redde liv ved betre utnytting av informasjon som er tilgjengeleg ved akuttpsykiatrisk innlegging?
Innlegging i akuttpsykiatriske avdelingar gjer det mogeleg å identifisere risiko og starte opp individuell og målretta førebyggjande behandling. Dagens praksis utnyttar ikkje dette godt nok. SIPEA-2 har oppstart i januar 2020. Studien har informasjon om ei stor gruppe pasientar som har vore innlagt i psykiatrisk akuttmottak. Informasjonen er henta inn i samband med innlegging ved Psykiatrisk akuttmottak (PAM) i Helse Bergen. Den første delen av SIPEA-studien («Suicidality in Psychiatric Emergency Admissions», SIPEA-1), varte frå 2005 til og med 2019. Datasamlinga gjekk føre til utgangen av 2015. I denne studien fann vi at sjølvmordsrisiko var medverkande grunn til over halvparten av innleggingane i PAM. Vi fann óg at meir enn ein av ti pasientar skada seg så alvorleg under det første året etter utskriving at dei måtte behandlast i sjukehus. Dette gav oss informasjon om nokre viktige risikofaktorar for slik åtferd. I SIPEA-2 vil vi framleis ha fokus på sjølvskading og sjølvmordsforsøk. I tillegg skal vi bruke den rike informasjonen frå akuttinnleggingane, saman med informasjon om den oppfølginga pasientane får, til å finne ut meir om både risikofaktorar og beskyttande faktorar for tidleg død i denne gruppa.

Registrerte pasientar
Prosjektet omhandlar 7000 pasientar som var innlagt i PAM i perioden 2005-2014. Sosial- og helsedirektoratet og Regional komité for medisinsk og helsefagleg forsking (REK) har godkjent at studien hentar data frå kartlegging ved innkomst og journalar. Opplysningane blir lagra og presentert slik at enkeltpersonar ikkje kan kjennast att.

Langsiktig perspektiv
SIPEA-2 prosjektet tar utgangspunkt i data frå SIPEA-1. Studien har eit langsiktig perspektiv og det skal gjerast framtidige koplingar mot Norsk pasientregister (NPR), Registeret for Kontroll og utbetaling av helserefusjoner (KUHR) og Dødsårsaksregisteret (DÅR). Koplingane skal gjerast kvart femte år i 20 år frå 2020. Dette vil gje oss informasjon om vidare behandling i psykiatrien, innan den tverrfaglege spesialiserte rusbehandlinga og i kommunen. I tillegg vil det gje informasjon om sjukdomsrelaterte og sjølvmordsrelaterte innleggingar i somatiske sjukehus, samt årsaker til død. Ved å følgje ei såpass stor pasientgruppe over lang tid, vert det mogeleg å finne ut om innarbeiding av nye retningslinjer, behandling og andre tiltak i spesialisthelsetenesta og kommunane faktisk verkar førebyggjande. Sjølv om det er urovekkjande mange psykiatriske pasientar som døyr altfor tidleg, så er dette likevel sjeldne hendingar i statistisk samanheng. Dette gjeld særleg for sjølvmord og ulykker. Derfor er det trong for lang oppfølgingstid for å få nok informasjon til å gjere analyser som kan sei noko sikkert om faktorar som aukar og reduserer risikoen.

Finansiering
Datasamling og drift av studien er i hovudsak finansiert av Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen. Den har óg fått midlar frå Helse Vest. Det skal søkjast om ytterlegare midlar frå Norges forskningsråd og Helse Vest.

Kontaktperson
Prosjektleder Rolf Gjestad, Forskingsavdelinga i Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen.
Telefon: 55958311

Prosjektleiing:
o Rolf Gjestad (PhD, prosjektleiar)
o Arnstein Mykletun (professor, leiar for forskingsgruppa Psykiatrisk epidemiologi og helsetjenesteforsking i Divisjon psykisk helsevern)
o Knut Rypdal (Cand. jur., senterleiar, PhD student)
o Erik Johnsen (professor dr.med., psykiater)

Forskarar/prosjektmedarbeidarar i Divisjon psykisk helsevern – alle i deltidsroller
o Ketil J. Ødegaard (professor dr.med., forskingssjef)
​o Christoffer Bartz-Johannesen (biostatistiker)
o Vigdis Elin Giæver Syrstad (PhD student, psykiater)
o Rune Andreas Kroken (PhD, psykiater)
o Eirik Kjelby (PhD student, psykiater)
o Torhild Smith Wiker (psykiater)
o Hallvard Lund-Heimark (lege i spesialisering)
o Maria Fagerbakke Strømme (PhD student, lege)
o Desiré Furnes (PhD, psykolog)
o Lisbeth Pedersen (psykologspesialist)
o Christine Ødegaard (PhD student, sosialantropolog)
o Marianne Krogenes (M.Sc, Sykepleier)
o Andra Holst (erfaringskonsulent)
o Anne Blindheim (erfaringskonsulent)

I tillegg til dei som er nemnt ovanfor, har fleire sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i Divisjon psykisk helsevern delteke som prosjektmedarbeidarar.

Samarbeidspartnarar utanfor Helse Bergen HF

Nasjonalt senter for selvmordsforskning og –forebygging, Universitetet i Oslo
o Lars Melum (professor dr. med., senterleiar)
o Fredrik Walby (forskar, psykologspesialist)
o Ping Qin (professor dr. med.)

​Stavanger universitetssjukehus
o Kristin Jørstad Fredriksen (PhD student, psykiater)
o Helle Schøyen (PhD, psykiater, klinikksjef)

Norges Tekniske og Naturvitenskapelige Universitet (NTNU)
o Arne Vaaler (professor dr. med.)
Mount Sinai University, New York
o Igor Galynker (Professor of Psychiatry)

Doktorgrader basert på data frå SIPEA-1
Mellesdal, L. Predictors of suicidality and self-harm related admissions to psychiatric and general hospitals (2017). http://bora.uib.no/handle/1956/17257
Kroken, R. Antipsychotic drug treatment of patients with Schizophrenia (2013). Universitetet i Bergen.

Publikasjonar frå SIPEA-1
Mellesdal, L., Mehlum, L., Wentzel-Larsen, T., & Jørgensen, H.A. (2010). Suicide Risk and Acute Psychiatric Readmissions: A Prospective Cohort Study). Psychiatric Services, 61(1), 25-31.

Kroken, R.A., Mellesdal, L., Jørgensen, H.A., Wentzel-Larsen, T., Johnsen, E. (2010). Prediction of un-planned re-admission to hospital for patients with schizophrenia – a cohort study of 277 patients. Eurpean Neuropsychopharmacology (20), 444-445.

Rypdal, K., Fosse, M., Mellesdal, L., Ødegaard, K.J. (2011). The Use of Danger to Self or Others in a Psychiatric Emergency Ward in Norway. Poster at the 11th Annual IAFMHS Confernence. Barcelona, Spania.
Johansen, I.H., Mellesdal, L., Jørgensen, H.A., Hunskaar, S. (2012). Admissions to a Norwegian emergency psychiatric ward: patient characteristics and referring agents. A prospective study. Nordic Journal of Psychiatry, 66(1), 40-8.

Kroken, R.A., Mellesdal, L.S., Wentzel-Larsen, T., Jørgensen, H.A., Johnsen E. (2012). Time-dependent effect analysis of antipsychotic treatment in a naturalistic cohort study of patients with schizophrenia. European Psychiatry, 27(7), 489-95.

Mellesdal, L., Gjestad, R., Johnsen E., Jørgensen, H.A., Kroken, R.A., Oedegaard, K.J., Mehlum, L. (2013). Prospective self-harm predicted by Borderline Personality Disorder and- criteria, and PTSD Diagnosis in patients admitted to a psychiatric acute ward. Congress presentation at The XXVII World Congress of the International Association for Suicide Prevention (IASP). Preventing suicidal behaviour on five continents- Innovative treatments and interventions. Oslo, Norway.
Kroken, R.A., Kjelby, E., Wentzel-Larsen, T., Mellesdal, L.S., Jørgensen, H.A., Johnsen, E. (2014). Time to discontinuation of antipsychotic drugs in a schizoprenia cohort: influence of current treatment strategies. Therapeutic Advances in Psychopharmacology, 4(6), 228-39.

Mellesdal, L., Kroken. R.A., Lutro, O., Wentzel-Larsen, T., Kjelby, E., Oedegaard, K.J., Jørgensen, H.A., Mehlum, L (2014). Self-harm induced somatic admissions after discharge from psychiatric hospital – a prospective cohort study. European Psychiatry, (29) 246-252.

Mellesdal, L., Gjestad, R., Johnsen E., Jørgensen, H.A., Oedegaard, K.J., Kroken, R.A., Mehlum, L. (2015). Borderline Personality Disorder and Posttraumatic Stress Disorder at Psychiatric Discharge Predict General Hospital Admission for Self-Harm. Journal of Traumatic Stress (28), 556-562.

Mellesdal, L., Kroken. R.A., Lutro, O., Wentzel-Larsen, T., Kjelby, E., Oedegaard, K.J., Jørgensen, H.A., Mehlum, L (2015). Predictors of severe self-harm in patients discharged from psychiatric hospital. A prospective cohort study. Congress presentation at The International Federation for Psychiatric Epidemiology. Bergen, Norway.
Bjarke, J., Gjestad, R., Graverholt, B., Ødegaard, K.J., Snibsøer, A.K. (2016). Den sårbare tiden etter utskrivelse fra psykiatrisk sykehus- selvmordsrisiko og dokumentasjonspraksis. Suicidologi, 21 (3), 30-37.

Fuglseth, N.L., Gjestad, R., Mellesdal, L., Hunskaar S., Oedegaard, K.J., Johansen, I.H. (2016). Factors associated with disallowance of compulsory mental healthcare referrals. Acta Psychiatrica Scandinavica, 133(5), 410-8.

Mellesdal, L. (2018). Beskrivelser, forståelse og definisjoner av selvskading fra antikken til i dag. Suicidologi, 23 (2), 30-37.

Wiker, T.S., Gjestad, R., Mellesdal, L.S., Oedegaard, K.J., Kroken, R.A. (2019). Supported accomodation for people with schizoprenia. Nordic Journal of Psychiatry, 73(4-5), 211-218.

Furnes, D., Gjestad. R., Mehlum, L., Hodgekins, J., Kroken, R.A., Oedegaard, K., Mellesdal, L. (2019). Personality Disorder: What Predicts Acute Psychiatric Readmissions? Journal of Personality Disorders. Nov. 4:1-13. doi: 10.1521/pedi_2019_33_459. [Epub ahead of print]

Om prosjektet
ADHD medisinering varierer mellom regionar. Gir restriktiv eller liberal diagnostisering og medisinering av ADHD best langtidsprognose?
Det er godt dokumentert i 185 randomisert kontrollerte studiar at stimulerande medisinar er nyttige for pasientar med ADHD. Dette er ukontroversielt i barne- og ungdomspsykiatrien (BUP). ADHD er i ei særstilling blant diagnosar i BUP-feltet ved at medisinar er førstevalet for behandling.

Pasientar som er henvist til BUP har ofte nokre symptom som samstemmer med ADHD, men det kan samstundes vera andre omstende som óg kan forklare symptoma. Til dømes kan born leve i kaotiske familiar, dei kan oppleve skolen som kjedeleg, eller dei kan beint fram ha mykje energi. Basert på klinisk skjønn må psykiateren ta stilling til om det skal setjast ADHD diagnose og om ein skal starte medisinering.
Denne kliniske vurderinga varierer mellom psykiatrar og sjukehus. Konsekvensen av dette er at raten av ADHD diagnose og medisinering varierer mykje mellom regionar og sjukehus (BUPar). Tilsvarande ser ein at raten varierer mellom land. Frankrike er til dømes nokså restriktiv med både ADHD diagnose og behandling, medan USA er forholdsvis liberal.
Dei mange eksperimenta som er gjort avklarar ikkje denne kontroversen i barne- og ungdomspsykiatrien. Eksperimenta er baserte på barn og unge med tydeleg ADHD-diagnose.

Variasjonen i behandlingsrate for ADHD i Norge reflekterer mykje av den internasjonale variasjonen. Vi vil undersøke om ei liberal eller restriktiv tilnærming til ADHD-diagnose og ADHD-behandling gir den beste prognosen for pasientar. Til denne studien vil vi berre bruke registerdata og naturleg variasjon i ADHD-behandlinga.

Godkjenningar
ADHD-prosjektet 288585 er REK-godkjent (2017/2150). Prosjektet sin sluttdato er oktober 2023. Prosjektet er finansiert av NFR FRIPRO og Helse Vest RHF.

Aktuelt for tiden

Foto: ADHD-forskingsgruppa

ADHD-forskingsgruppa under vårt oppstartsseminar. Seminaret inkluderte presentasjonar og diskusjonar rundt ADHD-diagnosen og behandling frå et klinisk perspektiv, samt instrumentvariablar, kausale grafar og identifikasjonsproblemar frå et metodologisk perspektiv. Vi hadde mange gode diskusjonar som kombinerte klinisk og metodologisk ekspertise, og ser frem til å fortsette dette samarbeidet i årene framover.

Medlemmer

  • Arnstein Mykletun (leiar)
  • Tarjei Widding-Havnerås, PhD-stipendiat
  • Ashmita Chaulagain, PhD-stipendiat
  • Ingvild Lyhmann, PhD-stipendiat
  • Simen Markussen, seniorforsker Frischsenteret Oslo, deltidsrolle i prosjektet
  • Felix Elwert, professor Wisconsin University, deltidsstilling ved Helse Bergen (HBE)
  • Henrik Daae Zachrisson, professor UiO, deltidsstilling ved HBE
  • Ingvar Bjelland, professor, overlege i HBE
  • Anne Halmøy, førsteamanuensis, overlege HBE
  • Petter Butterworth, professor ved Australian National University, Canberra, Australia


Kva for innverknad har implementering av recovery-orientert praksis på pasientane si vurdering av behandlinga og pleiarane si vurdering av eige arbeid ved Klinikk sikkerhetspsykiatri?

Hensikt:
Hensikten med prosjektet er å evaluere implementeringa av recoveryorientert praksis i Klinikk sikkerhetspsykiatri.

Metode:
Evalueringsstudie som er laga som ei kvasi-eksperimentell longitudinell studie, basert på kvantitative data frå eit studieutval og eit kontrollutval på fem måletidspunkt; ved oppstart (T1 = baseline), og etter 6 (T2), 12 (T3), 18 (T4) og 24 (T5) månader.

Studieutvalet består av pasientar og tilsette ved Klinikk sikkerheit i Helse Bergen og kontrollutvalet består av pasientar og tilsette ved sikkerhetsavdelinga i Helse Fonna. Kontrollutvalget får ei utsett implementering og vil fungere som kontrollgruppe fram til T3.

Prosjektperiode:
Mai 2018 til juni 2022

Samarbeidspartnarar:

  • Høgskulen på Vestlandet
  • Valen sjukehus, Helse Fonna.


Status:
Pågåande datainnsamling

Resultat:
Dei første resultata er venta å bli publiserte i løpet av 2020.

Godkjenningar:
Vurdert av REK til ikkje å vera omfatta av helseforskingslova.
Tilrådd av personvernombudet i Helse Bergen og av NSD når det gjeld kontrollutvalget i Helse Fonna.


Sist oppdatert 24.04.2024