Aktivitetar og tilbod ved Bjørgvin DPS
Psykiske problem har ofte samanheng med, og kan påvirka forholdet til våre medmenneske. Vi vektlegg difor aktivitet og samhandling.

Ved Bjørgvin DPS tilbyr vi ei rekkje aktivitetar og gruppebaserte behandlingstilbod som kan støtte deg i eiga bedringsprosess. Tilboda vert tilpassa brukarane på eininga og kan variere over tid.
Gruppebehandling
Vi har fleire typar grupper som samtalegrupper, undervisning, fysisk aktivitet, kunst og uttrykk, mindfulness og musikk. Desse gruppene gir moglegheit for både refleksjon, fellesskap og meistring.
Kreativ gruppe
Eit prestasjonsfritt rom der du kan utforske dine eigne uttrykk gjennom ulike kreative aktivitetar. Gruppa blir leia av kunstterapeut og blir halde to gongar i veka.
Samtalegruppe
Ei løysingsorientert gruppe der pasientane sjølv vel tema. Samtalen blir leia av tilsette og tek utgangspunkt i deltakarane sine eigne erfaringar.
Pasientundervisning
Kvar veke tilbyr vi undervisning med tema som blir tilpassa gruppa på eininga.
Musikkaktivitetar
Du kan delta i musikkcafé, samspel med andre eller få individuell rettleiing frå musikkterapeut.
Fysisk aktivitet og turar
Vi har gymsal og tilbod om tilpassa trening, i tillegg til faste turgrupper kvar veke. Aktivitetane blir lagt opp etter meistringsnivå.
Tilbod hos Bergen kommune - Kunst, kultur og psykisk helse (KKPH)