Organisasjonsutvikling omfattar planlegging og gjennomføring av utviklingsarbeid som bygger opp om Helse Bergen sine mål og strategiar.
Vi tek på oss oppdrag som prosjektleiar/prosjektstøtte, prosessleiar eller rådgivar for ulike klinikkar og avdelingar i Helse Bergen. Vi har spisskompetanse innan prosjektmetodikk og endringsleiing. Våre oppdrag er blant anna innan strategiutvikling, forbetring av pasientflyt, utvikling av arbeidsprosesser, strukturendringar og omorganiseringar.
Helse Bergen har ein langsiktig plan for leiarutvikling, og stiller høge krav til våre leiarar med tanke på kompetanse og eigenskapar. Vårt program for leiarutvikling inneheld kurs, skreddarsydde program og enkelttiltak som gjennomførast internt eller i samarbeid med eksterne leverandørar.
Vi støttar også føretaket med rekruttering av leiarar. Våre konsulentar har lang erfaring frå leiarutvikling og leiarrekruttering, innan både privat og offentleg sektor.
Vi er utdanna innan økonomi, organisasjon og leiing, samfunnsmedisin, samfunnsvitskap og organisasjonspsykologi, noko som gjer oss i stand til å levere gode tenester med kvalitet i prosess og resultat.