Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Traineeprogram for nyutdanna vernepleiarar

Haukeland universitetssjukehus tilbyr frå sommaren 2023 traineeprogram for nyutdanna vernepleiarar. Gjennom traineeordninga vil vi gi deg som vernepleiar god breiddekompetanse. Den varierte praksisen gir unik kunnskap frå fleire fagfelt, og er eit godt springbrett i din vidare vernepleiarkarriere.

​​​​​​​Traineevernepleiarane vert tilsett i 100% fast stilling i Helse Bergen og traineeprogrammet strekk seg over to år. Ved oppstart får ein fellesopplæring/kurs. Traineeprogrammet inneber ellers jevnlege enkeltståande fagdagar samt rettleiing i grupper på dei fleste fagdagane. 
 
Traineeløpet er delt inn i 3 arbeidsperiodar, kvar på om lag 8 månader. Målet er at ein skal få arbeidserfaring ved 3 ulike fagområde som er relevante for vernepleiarar.

Korleis søkje stilling?

Stillingsutlysinga vert lagt ut i november kvart år. 
Rekrutteringa skjer i desember.

Sjå stillingsutlysinga for å søkje!​

Korleis jobbar ein i praksis?  

Traineevernepleiar følger den ordinære opplæringa ved avdelinga dei har arbeid, og får same oppfølging som blir gitt til nytilsette vernepleiarar ved aktuell avdeling. Traineestillingane inngår i den daglege drifta ved avdelinga og i avdelingas arbeidsplanar, vanlegvis 3-delt (vakter: dag, kveld og natt) eller 2-delt (vakter: dag og kveld) turnus, samt helg- og høgtidsarbeid.
 
Nokre av traineestillingene vil kunne få ein kombinasjon av stilling mellom sengepost og stilling i Bemanningssenteret. I stillinga i Bemanningssenteret får ein gå ved ulike avdelingar.

I videoen under får du sjå korleis ein traineesjukepleiar beskriv programmet. Sjølv om dette er sjukepleiarprogrammet, vil mykje vere likt for deg som vernepleiar.
 

 ​

Vi ser etter deg som: 

  • Er nyutdanna vernepleiar
  • Er fagleg sterk og har gode praktiske ferdigheiter
  • Liker utfordringar
  • Trivst med variasjon i arbeidsoppgåver
  • Er positiv og stolt av vernepleiaryrket
  • Har engasjement for pasientane
  • Er lærevillig, strukturert og opptatt av å fullføre oppgåver
  • Er modig og motivert for variert arbeidserfaring
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Er sjølvstendig samstundes som du samarbeider godt med andre 

Kva kan vi tilby deg?

  • Heil, fast stilling i Helse Bergen
  • Faglege utfordringar som gir deg breiddekompetanse og organisatorisk kompetanse
  • Eige opplæringsprogram gjennom heile perioden
  • Deltaking i rettleiingsgruppe​

Kontaktperson:

Karina Vorland Løvstad
Seksjonsleiar helsepersonell psykiatri/rus
Telefon: 92 46 30 92  55 97 69​ 00

Sist oppdatert 07.06.2023