Traineesjukepleiarane vert tilsett i 100% fast stilling i Helse Bergen og traineeprogrammet strekk seg over to år. Ved oppstart får ein 3 dagar fellesopplæring/kurs. Traineeprogrammet inneber elles 14 enkeltståande fagdagar samt rettleiing i grupper på dei fleste fagdagane.
Traineepeløpet er delt inn i 3 arbeidsperiodar, kvar på 8 månader. Målet er at ein skal få arbeidserfaring ved 3 ulike fagområde som medisin, kirurgi, psykiatri og/eller rus.
Det er også mogleg å få traineeplass ved Voss sjukehus dersom det er ønskjeleg.
Korleis jobbar ein i praksis?
Traineesjukepleiar følgjer den ordinære opplæringa ved avdelinga dei har arbeid, og får same oppfølging som vert gitt til nytilsette sjukepleiarar ved aktuell avdeling. Traineestillingane inngår i den daglege drifta ved avdelinga og i avdelingas arbeidsplanar, vanlegvis 3-delt turnus (vakter: dag, kveld og natt) samt helg- og høgtidsarbeid.
Nokre av traineestillingene vil få ein kombinasjon av stilling mellom sengepost og stilling i Bemanningssenteret. Når ein har stilling i Bemanningssenteret går ein vikarvakter ved ulike avdelingar.
Korleis søkje stilling?
Stillingsutlysinga blir lagt ut i november kvart år.
Rekrutteringa skjer i desember.
Vi ser etter deg som:
- Er nyutdanna sjukepleiar
- Er fagleg sterk og har gode praktiske ferdigheiter
- Liker utfordringar
- Trivst med variasjon i arbeidsoppgåver
- Er positiv og stolt av sjukepleiaryrket
- Har engasjement for pasientane
- Er lærevillig, strukturert og opptatt av å fullføre oppgåver
- Er modig og motivert for variert arbeidserfaring
- Har gode kommunikasjonsevner
- Er sjølvstendig samstundes som du samarbeider godt med andre
Kva kan vi tilby deg?
- Full fast stilling - også etter at traineeperioden på 2 år er over
- Faglege utfordringar som gir deg breiddekompetanse og organisatorisk kompetanse
- Eige opplæringsprogram gjennom heile perioden
- Deltaking i rettleiingsgruppe
Kontaktperson:
Mari Pedersen
Seksjonsleiar Traineesjukepleiarar
Telefon 938 78 352/ 55 97 69 00