Som traineehelsefagarbeidar vert du tilsett i 100% fast stilling i Helse Bergen og deltek på traineeprogrammet som strekk seg over to år. 2022 vert det første året med eit traineeprogram for helsefagarbeidarar, og du får no moglegheita til å vere ein del av det første kullet.
I traineeprogrammet skal du følgje eit fagleg program. Du vil få fellesopplæring og kurs når du startar, og fleire fagdagar og rettleiing undervegs i programmet. Fagdagane gjer deg mellom anna teoretisk og praktisk opplæring i ulike prosedyrar.
Traineeprogrammet er delt inn i tre arbeidsperiodar, kvar på 8 månader. Målet er at du skal få arbeidserfaring ved tre ulike fagområde. Etter at programmet er ferdig, har du framleis 100% fast stilling i Helse Bergen, og saman med deg finn vi kva for ei avdeling du skal tilhøyre. Det kan vere ei av dei du allereie har vore på, Bemanningssenteret eller ei anna avdeling.
Korleis verkar det i praksis?
Som traineehelsefagarbeidar vil du følgje den ordinære opplæringa ved avdelinga du arbeider på, og få same oppfølging som vert gitt til nytilsette helsefagarbeidarar ved denne avdelinga. Traineestillingane går inn i den daglege drifta ved avdelinga og i deira arbeidsplanar. Vanlegvis vil det seie 3-delt turnus (vakter: dag, kveld og natt) samt helg- og høgtidsarbeid.
Her kan du sjå ein video om traineeprogrammet for sjukepleiarar - mykje vil vere likt for helsefagarbeidarane:
Korleis søkje stilling?
Søknadsfristen for 2022 er passert. Følg med for nye muligheter i 2023!
Du må lese utlysinga godt, og hugse å leggje ved all dokumentasjon som vert kravd.
Vi ser etter deg som:
- Har fagbrev og norsk autorisasjon som helsefagarbeidar ved oppstart i september
- Gjerne har fått fagbrev nyleg
- Er opptatt av både teoretisk kunnskap og praktisk kompetanse
- Likar utfordringar
- Er fleksibel og tilpassingsdyktig
- Er positiv og stolt av helsearbeidarfaget
- Har engasjement for pasient- og pårørandearbeid
- Er lærevillig, strukturert og opptatt av å fullføre oppgåver
- Ønskjer breiddekunnskap og variert arbeidserfaring
- Er motivert for å arbeide i sjukehus
- Har gode kommunikasjonsevner
- Toler godt uforutsigbarhet og endringar
- Trivst både med å arbeide sjølvstendig og saman med andre
Kva kan vi tilby deg?
- Full, fast stilling - også etter traineeperioden på 2 år
- Faglege utfordringar som gjer deg breiddekompetanse
- Opplæringsprogram gjennom traineeperioden
- Deltaking i rettleiingsgruppe
- Du vert ein del av eit kull med helsefagarbeidarar
- Løn og vilkår etter gjeldande overeinskomst
Kontaktperson:
Mari Pedersen
Seksjonsleiar Trainee