Studentstillingar
Helse Bergen tilbyr sjukepleiarstudentar og medisinarstudentar fast stilling, basert på ein karrieremodell. Karrieremodellen gir dei tilsette moglegheit for praksis i somatiske avdelingar, psykiatriske avdelingar, Drift/teknisk divisjon og i Avdeling for rusmedisin.
Studentane vert tilsett av Bemanningssenteret, og arbeider ved kvar avdeling i 1,5 - 2 år. Arbeidsplikt i 22% stilling er fordelt slik:
10 faste helgar i løpet av eitt år vert lagd inn i årsarbeidsplan
Resterande arbeidstid, ca. 20 timar per månad, vil ligge som fleksibel årsarbeidstid og vert planlagd etter behov ved avdelinga. Ein må pårekne arbeid både i helgar og på vekedagar.
Studentstilling inneber rotasjon ved ulike avdelingar og gir den tilsette moglegheit til å opparbeide seg brei erfaring med ulike pasientgrupper, arbeidsoppgåver og sjukehusdrift.
Korleis søkje stilling?
Ledige stillingar i Bemanningssenteret vert lyst ut på Helse Bergen sine Jobbsider. Du må registrere CV før du kan søkje stilling.
Kvalifikasjonar/ eigenskapar
- Vere under utdanning innan sjukepleie eller medisin
- Sjukepleie- og medisinarstudentar må ha 400 timar pleieerfaring frå grunnleggjande stell/pleie
- For å kunne arbeide i Hospitaldrift Transport (portør) må du ha førarkort klasse B
- Meistre norsk, både skriftleg og munnleg
- Ha eit ønskje om allsidig erfaring innan sjukehusdrift
- Tilpassingsdyktig og finn deg til rette i ulike miljø
- Gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Vennleg og respektfull framferd med pasientane, og ønskjer å gjere «det lille ekstra» for at dei skal ha det bra
- Ha evne til å byggje relasjonar og skape tillitt
Kontaktperson:
Cathrine Fauske Haferkamp
Seksjonsleiar
Telefon 99426755 / 55 97 69 00
Epost: cathrine.fauske-haferkamp@helse-bergen.no