Bemannings­senteret

Vi er Haukeland universitetssjukehus sitt interne bemanningsbyrå. Vi formidlar personell til alle avdelingar i sjukehuset for kortare eller lengre oppdrag.

Vi har ansvar for rekruttering og oppfølging av tilkallingsvikarar i Helse Bergen. Arbeidsforhold blir tilpassa etter ønskje frå avdelingar og den enkelte. Du kan få utvida stillingsprosenten din gjennom stilling hos oss i Bemanningsenteret.  

Arbeid for Bemanningsenteret vil då komme i tillegg til ordinær stilling og tilpassa turnus. All leige av helsepersonell frå eksterne vikarbyrå blir formidla gjennom oss. 

Fann du det du leita etter?