Til kvar eining er det det knytt ein personalrådgjevar og ein HMS-kontakt som er leiars kontaktpunkt til fagmiljøet i Personal- og organisasjonsavdelinga.
Personal- og organisasjonsavdelinga gir bistand på følgjande hovudområde:
- Bemannings- og arbeidsplanlegging
- HMS
- Leiarutvikling
- Lønnsforhandlingar, forlik og avtaleverk
- Omstilling
- Organisasjonsutvikling
- Personalpolitikk og personalhandbok
- Rekruttering
- Vikartenester
Medarbeidarane i Personal- og organisasjonsavdelinga er delt på fem seksjonar, og dei arbeidar gjerne i team på tvers av seksjonane for å løyse sine oppgåver. Dei har høg kompetanse innan sine fagområder, og avdelinga legg stor vekt på fagleg utvikling for den enkelte, for seksjonane og for avdelinga som heilhet.
Personal- og organisasjonsdirektør: Odd Andrew Storetvedt