Kysthospitalet i Hagevik

Kysthospitalet i Hagevik (KiH) er eit spesialsjukehus for planlagt ortopedisk kirurgi i Os, tre mil sør for Bergen. Vi tilbyr pasientane ei heilskapleg helseteneste med klinisk undersøking, behandling, pleie, mobilisering og vidare oppfølging.
Sjukehuset er ein del av Ortopedisk klinikk, Helse Bergen, og utfører årleg 1600-1800 inngrep.

Les meir om Kysthospitalet i Hagevik

Kysthospitalet i Hagevik

Sjukehuset har om lag 200 ansatte. Nokre av yrkesgruppene er ortopedisk kirurg, lege, sjukepleiar, spesialsjukepleiar (anestesi, operasjon, intensiv), fysioterapeut, bioingeniør, helsefagarbeidar og andre fagarbeidarar, radiograf, elektrikar, kokk, gartnar.



Sjukehuset behandlar dei fleste lidingar i musklar og skjele bortsett frå akutte skader. Dei største pasientgruppene er:
  • lidingar i hofte‐, kne– og skulderledd som blir behandla med innsetting av protese og utskifting av protese
  • lidingar i rygg som prolaps og trong ryggmargskanal, i tillegg til andre rygglidingar som blir behandla med implantat
  • lidingar i skulder, kne, ankel, olboge, hofte, fot, hand, som enten blir behandla med ”kikhols‐kirurgi”, eller med open operasjon.

Utdanning

Me er ei forskings- og undervisningsavdeling under Universitetet i Bergen, med ansvar for utdanning av legar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, helsefagarbeidarar og radiografar.  Sjukehuset har i særlig grad kompetanse innan ryggkirurgi og tyngre protesekirurgi.

Avdelingar

  • Operasjonsavdeling
  • Anestesiavdeling
  • Oppvakningsavdeling
  • Sengeavdeling
  • Fysioterapiavdeling
  • Ryggklinikk (Poliklinisk tilbud til pasientar der operasjon ikkje er aktuelt)
  • Mottaksseksjon
  • Radiologisk (røntgen) avdeling
  • Klinisk kjemisk laboratorium
  • Transfusjonseining
  • Kjøkken
  • Reinhald
  • Vaskeri
  • Teknisk avdeling

Leiing

Sjukehussjef/avdelingsoverlege Kari Indrekvam
Seksjonsoverlege Roel Bierling

Historia

Generell informasjonsbrosjyre

Vi har laga ei generell informasjonsbrosjyre om KiH på ulike språk:

Kontakt

Telefonnummer
56 56 58 00
Postadresse
Hagaviksbakken 25 
5217 Hagavik




Logg inn for å endre time


Bil

​Om du kjem med bil frå Bergen:
Følg E39 mot Halhjem/Stavanger til du kjem 􀆟l rundkøyringa
ved Uno‐X bensinstasjon (ca 17 km etter Nesttun). Ta andre
avkøyring og følg vegen 5,1 km til du ser sjukehusskiltet.


Om du kjem med bil frå Halhjem:
Følg E39 mot Bergen. Ta første avkøyring i andre
rundkøyringa etter tunnelen (ca 6 km fra Halhjem). Følg vegen 5,1
km til du ser sjukehusskiltet.

GPS: 60.179797, 5.394974

Buss

Buss frå Bergen: Rute 600 til Tøsdalsskiftet og derfra rute 602/607 Hagavik

Buss frå Halhjem: Rute 600 til Tøsdalsskifet og derfra rute 602/607 til Hagavik.

Det er ca 500 meter å gå frå busstoppet ned til sjukehuset.

Praktisk informasjon

Aviser

Aviser kan kjøpast i Pasientmottak kl. 8-16 på kvardagar.

Blomster

​Dessverre er nokre pasientar allergiske. Vi ønsker derfor å begrensa mengden avskårne blomster. Potteplantar er ikkje tillatt.

Kantine

Kantine finst i 1. etasje
Open kl. 10‐15 alle kvardagar. Det er også automatar med diverse varer ved hovudinngang.

Minibank

Det er ikkje minibank på sjukehuset, men du kan betala med bankkort.

Mobiltelefon

Er tillatt utanom på oppvakningsavdelinga. Dekninga er dessverre ikkje like god alle stader på området.

Pasienttelefon

Det er pasienttelefon ved kvar seng med eige nummer. Telefonane er opne kl 10‐22. Det må brukast telefonkort som kan kjøpast på sengepost for kr 50,‐ eller 100,‐.

Verdisaker

Det er safe i skap på pasientromma. Sjukehuset har ikkje ansvar for eventuelt tap av verdisaker.

Visittid

​På Kysthospitalet har vi føljande visittiger:

Måndag-fredag:  kl. 18.00-20.00
Laurdag-søndag: kl. 13.00-15.00 og kl. 18.00-20.00

 

Hofte, kikkhullsoperasjonhttps://helse-bergen.no/behandlinger/hofte-kikkhullsoperasjonHofte, kikkhullsoperasjonHHofte, kikkhullsoperasjonHofte, kikkhullsoperasjonHofte, kikkhullsoperasjonHofte, kikkhullsoperasjon
Ryggoperasjon ved spinal stenose (forsnevret ryggkanal)https://helse-bergen.no/behandlinger/ryggoperasjon-ved-spinal-stenose-forsnevret-ryggkanalRyggoperasjon ved spinal stenose (forsnevret ryggkanal)RRyggoperasjon spinal stenoseRyggoperasjon spinal stenoseRyggoperasjon spinal stenoseRyggoperasjon spinal stenose