Fysioterapi ved Ortopedisk avdeling HUS

Seksjonsleiar: Heid Nygard
55 97 37 37/ 29 22/
​heidi.nygard@helse-bergen.no

Om Ortopedisk avdeling

Ortopedisk avdeling har 60 sengeplassar fordelt på 3 postar i 7. etasje i Sentralblokka. I tillegg har avdelinga ei ortopedisk barnegruppe på opptil 7 senger på barnepost i 5. etasje.
Dei fleste pasientane (cirka 80 %) blir lagt inn fordi dei treng sjukehusbehandling og innlegging grunna akutte skader. Pasientar som har dei mest vanlege brotskadene vert fordelt på alle 3 postane. Det er stor gjennomstrømming av pasientar med kort liggetid. Det blir innlagt over 3000 pasientar årleg.

 
Dei 3 postane har ulike fagområder med eigne seksjonsoverlegar.

Post 2 Vest.Traumeseksjon-

20 sengeplassar for pasientar med akutte skader i skjelett og muskulatur.

Post 2 Sør. Proteseseksjon og hoftebruddseksjon

10 sengeplassar for pasientar med planlagde operasjonar med innsetting av kunstige ledd.
10 sengeplassar for eldre pasientar med hoftebrudd.

Post 1 Øst. Rygg-/ tumorseksjon, funksjonsforbetrande kirurgi

For pasientar med brot i ryggen. Pasientar med skeiv rygg (skoliose) som treng operasjon. For pasientar med svulst i muskel/ skjelett. For pasientar med planlagde operasjonar i musklar og sener.

Barneortopedisk seksjon

Opp til 7 sengeplassar for barn med brotskader, barn med medfødde lidingar i muskel og skjelett. Barn med skeivstillingar i rygg (scoliose).​

Tilbod om fysioterapi i Ortopedisk avdeling

Det er ca 7 fysioterapistillingar fordelt på 9 personar. 
I tillegg har vi ein aktivitør.

 
Vi arbeider nært med legar og pleiarar og er knytt opp mot faste postar, slik at vi vanlegvis følgjer pasientane gjennom heile sjukehusopphaldet. Pasientane får også trening av postpersonalet via daglege aktivitetar.
Pasientar med planlagde operasjonar møter på preoperativ poliklinikk ca 2 veker før operasjon, og får informasjon om forløp og opptrening der.

Behandlinga

Treninga startar vanlegvis dagen etter operasjonen om dette er ein kvardag.
Målet er å vinne att/ halde ved like funksjon hos den skadde/ sjuke og å hindre komplikasjonar. Rørsle er viktig for å fremje blodsirkulasjonen i ledd, muskelkontroll og å halde styrke ved like. Rørsle gjer også at ein pustar djupare. Vi instruerer i øvingar for å halde musklar og ledd ved like og å hindre at lungebetennelse, blodpropp og liggesår oppstår.

 
For dei aller fleste er det viktig å koma raskt opp frå senga, oftast 1. eller 2. dag etter operasjonen. Pasientane får individuell trening ut i frå eigen situasjon med generell tilstand, skade, operasjon og dei restriksjonane som følgjer av skaden/ operasjonen.
Det er viktig at pasientane kjem fort i gang med eigenaktivitet og det dei klarer sjølve. Det fremjar tilheling og er trening i å verta sjølvhjelpen att. Vi instruerer i eigentrening, gjev råd om gode måtar å røre seg på - og legg til rette for at pasienten skal koma tilbake til sitt vanlege aktivitetsnivå.
Fysioterapeuten gjev råd om hjelpemiddel og eigentrening, og gjev informasjon til neste behandlingsstad der det er behov for dette.

Poliklinikk

Fysioterapeutane deltek også på polikliniske vurderingar av barn og vaksne. Vi har oppfølging på etterkontrollar av pasientar med hoftebrot, ryggskader og andre skader.

Generelt

Vi arbeider saman med andre avdelingar, andre sjukehus og primærhelsetenesta.
Vi rettleier fysioterapistudentar frå Høgskolen i Bergen i deira praksis.​