Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fysioterapi ved Nevrologisk avdeling

Vi gjer individuell behandling, vurderingar og er ein del av det fleirfaglege teamet på postane.  Rehabiliteringa går føre seg i treningssal, i basseng, og delvis på postane eller utandørs. Vi deltek i tverrfaglege klinikkar for pasientar med: ALS, MS, muskelsjukdom, spastisitet og trykksårproblem.

​Eininga har 3 postar: 

  • Nevrologisk dagpost: Dagpost med generell nevrologi der pasientar er innlagd for utgreiing og trening.

  • Nevrologisk akuttpost: Sengepost for slageining og generell nevrologi. 

  • Spinaleininga: Spesialeining for rehabilitering av ryggmargsskadde frå Helseregion Vest.

Diagnosar på dagpost og nevrologisk akuttpost

I tillegg til hjerneslag, er dei vanlegaste diagnosane multippel sklerose, nevromuskulær sjukdom (blant anna sequele etter poliomyelitt, ALS, polyradiculitt), Parkinsons sjukdom, smerte, nakke- og rygglidingar.

Diagnosar på Spinaleininga

​Ryggmargsskader, hovudsakleg traumatiske, men også ryggmargsskader som følge av andre tilstandar (blødning, svulst o.l.) I tillegg vurderast pasientar med uttalt spastisitet. 

​Behandlingsmetodar 

Vi har som mål at pasientane skal vinna att optimal funksjonsevne. Vi har fokus på normal bevegelse og avvik frå normal bevegelse og årsak til avvik. Vi driv hovedsakleg funksjonsretta trening, men også andre former fo​r terapi og rehabilitering. Pasientane får individuell rettleiing, instruksjon og informasjon. Hjelpemiddelutprøving og bestilling av hjelpemidler utføres ved behov.

​Samarbeid 

Vi jobbar for eit godt tverrfagleg samarbeid. Interne samarbeidspartnarar er hovedsakleg: sjukepleiar, hjelpepleiar, lege, sosionom, ergoterapeut og logoped. Vi samarbeider i tillegg tett med primærhelsetenesta, for å legge til rette for den vidare rehabiliteringa. 

Aktivitetar ut over behandlingssituasjon

Vidareutdanning/kurs, møter, prosjektarbeid, forsking, intern opplæring og undervising til pasientar, pårørande og helsepersonell.

Vi deltar mellom anna i tverrfagleg undervising på pasientskolar for pasientar med ulike diagnoser (MS, ryggmargsskade). 

Vi har internundervising for fysioterapeutar og aktivitørar kvar tirsdag morgon. Kvar fredag morgon har legane ved Nevrologisk eining undervising som vi kan delta på. 

Vi tar i mot hospitanter fra 1.-linjetenesta og frå ulike sjukehus i landet. Vi tek imot fysioterapistudentar frå Noreg og andre land. Vi er praksisrettleiarar for tredjeårsstudentar frå Fysioterapiutdanninga, HiB.

Storleiken på gruppa

11 stillingar fordelt på 12 fysioterapeutar: 

  • ​1 seksjonsleiar

  • 4 fysioterapeutar er knytta til Spinaleininga, derav 1 spesialfysioterapeut

  • 7 fysioterapeutar er knytta til Nevrologisk avdeling, derav 3 spesialfysioterapeutar og 1 turnuskandidat

  • 1,3 stilling for aktivitør​

 

​Seksjonsleiar

Elisabeth Skjefrås Kvile
Telefon:  55 97 50 20 / 98 48 25 42 
Epost: 
elisabeth.skjefras.kvile@helse-bergen.no

Sist oppdatert 29.08.2023