Fysioterapi ved Barneklinikken

Vi gjev tenester til 5 ulike postar: Nyføddavdelinga, post 4 Infeksjon, post 5 dagpost, post 5 Nevro/ gastr/ nefro/ revma og post 5 Onkologi/ cardiologi (tilsaman 76 senger).I tillegg har vi ei utstrekt poliklinisk verksemd.

Seksjonsleiar: Vibeke Dreyer 
55 97 12 50
vibeke.dreyer@helse-bergen.no

 
Storleik på gruppa:
4,5 stillingar fordelt på 8 personar.
Av desse er:
 
​4 Spesialistar i Barne- og ungdomsfysioterapi
1 Spesialist i Hjarte- og lungefysioterapi 
2 Spesialfysioterapeutar
 

 
 

Dei mest vanlege diagnosane hjå inneliggjande barn:

  • ​Akutt lungesjukdom som pneumoni, bronchiolitt, astma og RS-virus
  • Kreftsjukdom som sarcom, leukemi (ALL og AML) og tumor cerebri 
  • Nevrologiske lidingar
  • Juvenil revmatoid artritt og leddsmerter
  • Diffuse smertetilstandar og psykosomatiske tilstandar 

Dei mest vanlege diagnosane hjå barn som får poliklinisk behandling:

  • ​Kronisk lungesjukdom som cystisk fibrose, astma, ciliedyskinesi og BPB/ ekstremt premature 
  • Juvenil revmatoid artritt og leddsmerter
  • Premature (tverrfagleg vurdering ved 3,6 og 12 månader korrigert alder og ved 2, 3 og 5 år kronologisk alder)
  • Forseinka motorisk utvikling
  • Nevrologiske lidingar
  • Plexus brachialis pareser
  • Diffuse smertetilstandar og psykosomatiske tilstandar 
  • Ulike diagnosar. Barn i ulik alder
 

 

Tverrfaglege poliklinikkar

Vi har ein godt fungerande tverrfagleg CF-poliklinikk, Prematurpoliklinikk, Revmapoliklinikk og Poliklinikk for overvektige barn.
 

Arbeidsform

Vi utfører akuttbehandling, men og langvarig nevrorehabilitering og langvarig behandling av pasientar med kroniske sjukdomar. 
Det vert gjeve individuell behandling, både på sengepostane og på treningsrom. Den polikliniske verksemda føregår på treningsrom.
 

​Tiltak

Vi gjev ulike formar for behandling, mellom anna:​

 
  • Lungefysioterapi/ inhalasjonsbehandling 
  • Vurdering av motorisk utvikling av barn i alle aldersgrupper
  • Habilitering/-rehabiliteringsoppgåver, til dømes opptrening ved nevrologisk skade og lidingar, og ved krefttilstandar
  • Motorisk stimulering
  • Fysisk trening
  • Bassengtrening
  • Palliativ/ lindrande behandling
  • Formidling/ utlån av hjelpemiddel (pep-maske/ mini-pep, krykker osb.)
  • Heimebesøk og besøk i barnehage og skule
 

 

Samarbeid

Vi samarbeidar tett med leger, og pleiepersonale, sosionom, psykolog og lærar. Vi samarbeidar også tett med foreldra til barna. Det er eit systematisert samarbeid kring pasientar på KK som skal følgjast opp ved BKB, til dømes pasientar med plexus brach​ialis paresar.
 

 
Ved psykosomatiske tilstandar er psykolog ein uunværleg samarbeidspartnar for oss. Utanfor sjukehuset har vi tett samarbeid med fysioterapeutar i 1.linjetenesta.

 
Vi samarbeidar med Habiliteringstenesta for Barn og unge ved HUS, i høve til barn som skal ha vidare habilitering og rehabilitering.

 

Aktivitetar ut over behandlingssituasjonen


 
  • Tverrfagleg møte ved ulike postar
  • Tverrfagleg møte i og mellom CF-team ved BKB og  Lungeavdelinga 
  • Tverrfagleg plexusskadeklinikk 4 gonger per år i samarbeid med Plastikkirurgisk avdeling og handkirurg frå Umeå. Vi får pasientar frå heile landet.
  • Opplæring av fysioterapeutar internt på Fysioterapiavdelinga
  • Hospiteringsopphald 
  • Praksisrettleiing for fysioterapistudentar frå HIB (Bachelor- og Masterstudentar)
  • Undervisning på fysioterapi- og sjukepleiarutdanninga ved HIB​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.