Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Økonomistyring

Seksjon for økonomistyring skal arbeide for best mogleg ressursutnytting innanfor dei økonomiske rammene som er tilgjengeleg for føretaket. Dette inneber planlegging og budsjettering, løpande oppfølging og rapportering, analyser og utgreiingsarbeid. Det er om lag 30 controllarar og rådgjevarar knytt til seksjonen. I nært samarbeid med leiarar i dei ulike klinikkane og avdelingane, skal controllarane følgje opp, analysere, støtte og utfordre verksemds-, økonomi-, ressurs- og aktivitetsstyringa. Slik skal seksjonen medverke i å leggje til rette for ein mest mogleg effektiv pasientflyt, ressursutnytting og ressursfordeling i føretaket. Konst. seksjonsleder Tonje Renate Hellesund

Slik finn du fram

Jørgen Sandbergs hus

Jonas Lies vei 73 (Raudt hus i sykehusparken)

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.