Orfu

Orfu er eit webbasert informasjonssystem utvikla av Økonomi- og finansavdelinga i Helse Bergen og blir brukt av alle helseforetaka i Helse Vest.

Systemet blir mellom anna brukt til å:

  • sikre heilskapleg vedlikehald av informasjon og kodeverk knytta til organisasjonsstrukturen
  • synliggjere samspelet mellom
    • administrativ organisering (organisasjonsstruktur)
    • plassering av kostnadsstader (budsjettansvar)
    • klinisk organisering (EPJ)
  • nytta same struktur for ulik rapportering
  • gjere organisasjonsdata tilgjengeleg for alle tilsette i føretaket
  • leggje til rette for integrasjon av organisasjonsdata til/frå andre system