Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

MinGat

MinGat er ein sjølvbetjeningsportal for tilsette i Helse Bergen for å finne oversikt over eigen arbeidstid, fråvær, løn med meir.

Det vert oppretta automatisk ein profil på deg i MinGat når du vert tilsett. Brukarnamn og passord vert sendt til di e-postadresse i Helse Bergen.

I MinGat kan du:

  • sende førespurnader til din leiar vedkomande ekstravakter, meirarbeid/overtid, forskyving av arbeidstid, vaktbytte, permisjon, avspasering og ferie
  • oppdatere informasjon om adresse, telefonnummer, e-postadresse, kontonummer og pårørande
  • få oversikt over lønsslippar og årleg samanstilling

Logge inn i MinGat frå privat PC/mobil

For å logge inn på MinGat frå mobil/privat PC utanfor sjukehusnettet må du først laste ned og aktivere Microsoft Authenticator på din mobil. Den kan du laste ned via Appstore eller Google Play.

For å aktivere Microsoft Authenticator (også kalla MFA eller 2-faktor) første gong må du vere tilkopla sjukehusnettet - det ikkje er mogleg å aktivere denne utanfor sjukehusnettet i Helse Vest.

Brukarrettleiing MinGat:

Når Microsoft Authenticator er lasta ned og aktivert, kan du logge inn i MinGat: mingat-hbe.ihelse.net

Treng du hjelp til aktivering av Microsoft Authenticator, kontakt Helse Vest IKT kundesenter på 55 97 65 40 eller kundesenteret@helse-vest-ikt.no.

Sist oppdatert 02.09.2024