Me har eit sentralisert Servicesenter som leiarar og tilsatte i Helse Bergen kan kontakte for spørsmål og hjelp i dei administrative systema. I tillegg har me eit fagmiljø som har kompetanse på systemutvikling, systemansvar, testing, prosjektleiing og brukaropplæring. Fagsenter administrative system arbeidar med løysingar og prosjekt knytta til fagområda økonomi, rekneskap, lønn, personal og organisasjon. Me legg stor vekt på utvikling og samarbeid, og har som mål å bidra til effektive prosessar og IKT-løysingar innanfor dei administrative fagområda i Helse Bergen.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel namn, epost, telefonnummer eller personnummer.