Behandling av pasientar med ryggmargsskade representerer heilt spesielle utfordringar for behandlingsapparatet, både i den akutte fasen og i den langsiktige oppfylginga. For å kunna gje desse pasientane eit best mogeleg tilbod har all internasjonal forsking vist at det er hensiktsmessig å knyta denne omsorga til spesielle einingar.
Sosial - og helsedepartementet vedtok difor i 1995 at det skal vere tre spinaleiningar i Noreg (Helsetilsynets veiledningshefte «Behandling av ryggmargsskadde i Norge»). Desse er i dag lokalisert til Ullevål universitetssjukehus / Sunnaas sjukehus i Oslo, Haukeland universitetssjukehus i Bergen og St. Olavs hospital i Trondheim.
ABC for deg med ryggmargsskade (PDF, 5,05MB)ABC om ryggmargsskade for helsepersonell (PDF, 6,49MB)