Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Poliklinisk konsultasjon ved Nevropoliklinikken

Informasjon til deg som har time på Nevropoliklinikken:

Kvinne i hvit uniform peker på plakat med anatomiske tegninger av nervesystem for kvinne som står med ryggen til. Foto
  • Møt opp i god tid. Poliklinikken held til i 2. etasje i Gamle hovudbygg i sjukehusparken.
  • Det er fint om du tenkjer gjennom kva du vil legge fram for behandlaren slik at du får godt utbytt​e av konsultasjonen.
  • Dersom du vel å bruke eigen bil og parkere på sjukehusområdet, ber vi deg om å rekne rikelig med tid då det kan vera vanskeleg å finna ledige parkeringsplassar. Vi tilrår å bruke offentleg transport til og frå undersøking/behandling. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentlege transportmidlar må det godkjennast av behandlar at du eventuelt skal få drosje (samkøyring). For meir informasjon om pasientreiser, sjå www.pasientreiser.no eller ring 05515.
  • Dersom du ikkje kan møte til oppsett tid må du snarast melda frå. Avbestilling mindre enn 24 timer før timen vil bli belasta med eit gebyr på kr 640,- fastsett i statsbudsjett av Stortinget. Dette gjeld sjølv om du har frikort. 

Kontaktinformasjon

Telefon 55 97 51 20, måndag-fredag kl. 08.00-15.30
Poliklinikken held til i 2. etasje i Gamle hovudbygg. Følg svart stripe i golvet til ekspedisjonen.

​Poliklinisk vurdering

​Ein kontroll etter inngrep eller oppfølging under utgreiing ved poliklinikken tek omtrent 30 minuttar, men dette er individuelt. Er du tilvist for fyrste gong kan konsultasjonen ta noko lengre tid, mellom 45 og 60 minuttar.

Ta med deg:


  • Oversikt over medisinar du bruker
  • All relevant informasjon du har om tilstanden din; skriv frå andre legar eller andre du har vore i kontakt med i samband med tilstanden din, tidlegare behandling og eventuelt andre helseproblem som kan ha ein samanheng med dei problema du har no.
  • Frikort om du har dette
  • Namn på fastlege 
Eit godt råd er å skriva ned kva du ynskjer å fortelja eller spørje legen eller sjukepleiaren om. Det kan ofte vera lett å gløyma ting du har tenkt på i forkant av avtalen. Ta derfor gjerne med deg ein lapp der du har skrive det ned, når du kjem til poliklinikken.

Tilvising

Du treng tilvising frå fastlege, anna avdeling eller andre legar, for å få time til utgreiing og behandling hjå oss. Du får tilsendt brev om time, gitt etter gjeldande retningslinjer for ventetid og prioritering.

Ekspedisjon i 2. etasje, Gamle hovudbygg

Ved oppmøte vender du deg i ekspedisjonen. Du gir her opp namn og eventuelt frikort. Etter behandlinga vil betjeninga i ekspedisjonen gi deg eventuelt ny time, rekning for behandlinga og bestille drosje etter rekvisisjon frå lege, eventuelt til sjølvkost.

Venteareal 

Venteareala på avdelinga er markert med ulike fargekodar. Du vil bli tilvist riktig venteareal i ekspedisjonen.

Betaling 

Pasientar må betala eigenandel, etter gjeldande takstar og reglar for utgreiing og behandling ved poliklinisk eining. Du kan betale med bankkort i ekspedisjonen, eller få med deg giro som kan betalast i sjukehusets informasjon i Sentralblokka, dersom du ikkje vil betale i bank eller på internett.
Sist oppdatert 29.08.2023