Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Avbestilling eller endring av poliklinisk time ved Nevropoliklinikken

Dersom du ønsker å avbestille eller endre ein time ved poliklinikken kan enten ringe poliklinikken mellom kl. 08.00-15.30 alle kvardagar - eller kan du gjere det på internett. Ønsker du å avbestille time, og det er mindre enn to arbeidsdagar til timen - må du kontakte oss på telefon.

Dersom du ikkje møter opp til timen
Dersom du ikkje møter fram til timen utan å seie frå innan 24 timer før konsultasjonen, vil du bli belasta med eit gebyr på kr 640,-. Dette gjeld sjølv om du har frikort.

Endre eller avbestille time via internett
No kan du sjekka timeavtalane dine og skriva meldingar til avdelinga du har time hos på nett. I tillegg til å sjå timen din, kan du sende ei elektronisk melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen, ønsker å endre time, eller vil avslutte behandlinga. Alle vil få svar i løpet av to arbeidsdagar.

Logg deg inn for å:

  • Få oversikt over dine timeavtaler
  • Sende ei melding til avdeling du har time hjå (ikkje røntgen)
  • Sjå status på tilvisinga (ikkje røntgen)
     

Innsyn for pårørande
Har du barn under 12 år som bur på same folkeregistrerte adresse som deg, kan du også få innsyn i timane deira. Du logger deg inn på vanleg måte, og øvst oppe finn du ein nedtrekksmeny kor du kan velja namnet til barnet ditt. Klikk på namnet og du vil få opp timeavtalane til barnet.

Fortsatt brev i posten
Denne sida vil ikkje enno erstatte innkallingsbrevet som du får i posten, og vi oppmodar deg til å lese dette. Dersom du ikkje kan møta, ta kontakt med ein gong. Du må rekna med lengre ventetid om du flyttar timeavtalen din. 

​Endre eller avbestille time via telefon
Du kan også ringe til oss telefonnummer 55 97 51 20 for å endre eller avbestille timen din. Vi har telefontid mellom kl. 08.00-15.30 måndag til fredag.

Treng du hjelp med å logge inn?

Hjelp og rettleiingElektronisk IDPasientopplysningar

Sist oppdatert 19.12.2016