Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nevrokirurgisk overvakningsavsnitt (NOVA)

Nevrokirurgisk overvakningsavsnitt (NOVA) er ein del av Nevrokirurgisk sengepost, og består av 7 sengeplassar med utstyr for kontinuerlig overvaking.  Her ligger pasientar som har vore gjennom intrakraniell kirurgi, med ustabile/uavklarte tilstander (nevrologisk/sirkulatorisk/respiratorisk), med ventrikkeldren, med uttalt fare for epilepsi eller pasientar med skallestrekk.  Som pasient kan du forventa å bli koplet på overvakingsutstyr for å ha ekstra kontroll over verdiane dine.  Det er alltid sjuepleiarar til stades på overvakingseininga. Mange av sjukepleiarane som arbeider ved NOVA har spesialistutdanning innan Nevrokirurgisk sjukepleie eller ein lenger erfaring frå Nevrokirurgisk sengepost.

Kontakt

Slik finn du fram

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

​På NOVA har vi ikkje fastsette besøkstid. Det er ønskeleg at besøket varer kortast mulig og maks to personer om gangen, av omsyn til pasienten og andre pasientar. Det er viktig å huske på at overvakingspasientar oftast treng mest mulig ro.

Ved legevisitt, vaktskifter og stell eller ved spesifikke undersøkingar og behandlingar, blir besøkande vist til å gå ut på gangen grunna teieplikta og skjerming av andre pasientar/pasienten.

Det er ønskeleg at besøkjande stenger av lyd på telefoner og annan elektroniskutrustning mens de oppheld seg på avdelinga.

Kvinnelig ansatt i uniform foran PC. Foto
 

På avdelinga har vi ein forløpskoordinator/kreftkoordinator som du kan ta kontakt med om du er tilvist eller er under utgreiing for hjernekreft eller har fått påvist hjernekreft.
Ved spørsmål om utgreiinga di er du velkommen til å ta kontakt.

Forløpskoordinatoren vil rettleia deg gjennom utgreiinga og vera kontaktpersonen din på Haukeland universitetssjukehus. Du kan treffe forløpskoordinatoren din på dagtid.

Om du har spørsmål om hjernekreft kan du ringe Nevrosjukepleiar / koordinator Annbjørg Hausken på telefon 55 97 56 38 eller 94 83 70 94. Du kan også sende en e-post til forlopskoordinatornevro@helse-bergen.no

Pasientinformasjon

Les meir om

Som pasient vil du få matservering på avdelinga eller du må sjølv gå ut i spisetova, som ligg i anslutning til avdelinga. I tillegg kan du kjøpa alt frå dagens middag til småretter, bakervarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finn du også fleire daglegvarebutikkar.
På avdeling blir det servert fire måltid kvar dag:
Frukost,  kl. 08.00-09.00
Lunsj, kl. 12.00-13.00
Middag, kl. 16.00-17.00
Kveldsmat, kl. 20.00-21.00

Menyen varierer frå veke til veke. Du vil få meir informasjon om vekas meny på avdelinga. Denne matserveringa gjeld pasientar som er innlagde. Pårørande og besøkande kan nytte seg av kantine, kiosk eller kafè. Er du forelder til barn under 16 år som er innlagt ved avdelinga, har ein av foreldra rett på mat frå avdelinga.

Spisestova
Spisestova som ligg i enden av avdelinga tilbyr matservering ved kvart måltid. Her blir freistande mat servert i ein hyggeleg atmosfære. Spisestova er bemanna med eige kjøkkenpersonell.

Spesielle matbehov
Om du som pasient ønskjer annan mat, tilbyr vi menyar til alle typar diettar og spesialkost. Nokre eksempel er allergitilpassa mat, vegetar og halal. Gi beskjed om dette til personalet ved avdelinga.

Mattilbod på pasienthotellet
Pasienthotellet vårt, Haukeland hotell, har eige kjøken og matsal, kafé og døgnopen kiosk for pasientar og besøkande.

Besøkstider

​På NOVA har vi ikkje fastsette besøkstid. Det er ønskeleg at besøket varer kortast mulig og maks to personer om gangen, av omsyn til pasienten og andre pasientar.
Sjå meir om besøkstider