Nevrokirurgisk overvakningsavsnitt (NOVA)

Nevrokirurgisk overvakningsavsnitt (NOVA) er ein del av Nevrokirurgisk sengepost, og består av 7 sengeplassar med utstyr for kontinuerlig overvaking. 

Her ligger pasientar som har vore gjennom intrakraniell kirurgi, med ustabile/uavklarte tilstander (nevrologisk/sirkulatorisk/respiratorisk), med ventrikkeldren, med uttalt fare for epilepsi eller pasientar med skallestrekk. 

Som pasient kan du forventa å bli koplet på overvakingsutstyr for å ha ekstra kontroll over verdiane dine. 

Det er alltid sjuepleiarar til stades på overvakingseininga. Mange av sjukepleiarane som arbeider ved NOVA har spesialistutdanning innan Nevrokirurgisk sjukepleie eller ein lenger erfaring frå Nevrokirurgisk sengepost.
Fann du det du leita etter?