Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Talevanskar

Dysartri kan definerast som talevanskar grunna svekking eller manglande koordinering av talemuskulatur.

En mann og en kvinne som ser på et innrammet bilde
Dysartri førekjem hjå mange hjerneslagpasientar, særleg i tidleg fase, og hjå ei rekkje pasientar med andre nevrologiske lidingar. Mange av desse pasientane har også dysfagi (svelgevanskar).
 
Forskjellege typar og grader av dysartri førekjem, frå ganske lette vanskar med å sei einskilde lydar, til uforståeleg eller heilt manglande tale. 
 
Det er viktig å vera klar over at dysartri er reint muskulære vanskar, og ingen språkskade.   Evne til å forstå kva andre seier, lese- og skriveferdigheiter, er som dei var før sjukdomen eller skaden. Dei som har vanskeleg for å gjera seg forstått kan difor kommunisera ved å skriva. 
 
Nokre har nytte av kommunikasjonshjelpemidlar med tastatur. Logoped vurderer behovet og grunngjev søknaden om hjelpemidlar.
 

​Når du skal snakka med ein person som har dysartri:

  • Ver innstilt på å bruka tid
  • Unngå forstyrring frå radio, TV osv.
  • Snakk naturleg, i normalt tempo, og ikkje sterkare enn normalt
  • Lytt ekstra oppmerksamt, og observer munnbevegelsar og mimikk
  • Dersom du ikkje forstår kva dysartripasienten seier, kan du be han ta det oppatt veldig langsamt. Han kan også oppmodast til å seia eitt og eitt ord om gongen, og ev. overdriva munnbevegelsane.
  • Still oppklårande spørsmål
  • Forsikra deg om at du har forstått rett ved å ta det oppatt og få stadfesta der du er i tvil
  • Ha tilgjengeleg papir og blyant, mange kan skriva ned det dei ikkje kan seia.  

 

Brosjyre

Sist oppdatert 27.12.2023