Taleapraksi

Tale-og oralapraksi kan definerast som redusert evne til å utføra viljestyrte og målretta bevegelsar uten at det skuldast pareser eller koordinasjonsvanskar.

​Taleapraksi kan oppstå etter eit hjerneslag. Taleapraksi er ei talemotorisk forstyrring, som ofte opptrer saman med afasi etter ein skade i venstre del av hjernen. Det er sjeldan ein ser taleapraksi isolert (kun i ca. 13% av tilfella). Taleapraksi er ikkje ei språkforstyrring, men ein artikulasjonsvanske.


Taleapraksi viser seg ved synleg strev med å finna rette artikualsjonstillingar og med å gjera desse i rett rekkefølgje.


Oralapraksi opptrer ofte saman med taleapraksi og syner seg i manglande evne til å imitera eller viljestyra bevegelsar med munn-, ansikt- og pustemukulatur.  Ein har ulike typar og grader av taleapraksi, frå ganske lette vanskar med å sei einskilde lydar, til uforståeleg eller heilt manglande tale.


Ein person med tale- og oralapraksi kan også ha vanskar med å imitera eller viljestyra bevegelsar med arm/hånd, så skriving kan difor vera vanskeleg. Det er viktig å vera klar over at taleapraksi ofte kan opptre saman med afasi og dermed redusera evna til å forstå det andre seier.