Svelgevanskar

Dysfagi kan definerast som vanskar med å eta og drikka på grunn av nedsett funksjon i munn, svelg eller matrøyr. Dysfagi kan vera av forskjellig grad og art.

 
Årsaker til dysfagi

  • Hjerneslag
  • Nevromuskulære sjukdomar som Parkinson og MS (Multippel sklerose).
  • Aldersforandringar
  • Kreft i munn og svelg
  • Hovudskader
  • Stråling eller operasjonar
  • Sjukdom eller skade i matrøyret

Ca. halvparten av hjerneslagpasientane har vanskar med å eta og drikka den første tida etter slaget. 


Utfall av å bli lam med nedsett kjensle i munn og svelg kan føra til at:


  • Mat og drikke glir ned i opne luftvegar – ein svel vrangt.
  • Mat og væske lek ut av munnen på den lamme sida.
  • Mat blir liggjande att mellom kinn og tenner på den lamme sida.
  • Det tek lengre tid enn vanleg å få sett i gang sjølve svelginga, ein må gjerne streva om att og om att før mat og drikke glir ned i svelget.
  • Restar sit att i halsen, og ein må svelja fleire gonger for å få all maten ned i matrøyret.

Når mat eller væske går i luftvegane (blir aspirert), kan det få alvorlege konsekvensar som lungebetennelse og i verste fall kveling.

Det kan vera nødvendig å gje næringa i sonde til svelgefunksjonen blir normal.

Pasientar med svelgevanskar bør tilvisast logoped. Logopeden observerer pasienten mens han et og drikk. Pleiepersonalet og logopeden vurderer svelgefunksjonen frå dag til dag og finn fram til konsistens på mat og drikke som er mogleg å svelja trygt, og utan for mykje strev. Mange må ha tjukna væske og mosa mat ei stund, men dei aller fleste slagpasientar kan eta vanleg kost etter kvart.

Det tverrfaglege teamet samarbeider om rettleiing og trening av ete- og svelgefunksjon. Logopeden kan visa svelgeteknikkar, gje råd om muskeltrening og konsistens på mat.

I nokre tilfelle er det aktuelt med is-stimulering for å setja i gong sjølve svelginga.

 

Gje den rammede råd om å:


  • Sitja godt oppreist når han et eller drikk.
  • Vera forsiktig, ta små bitar og små slurkar, og gje seg god tid.
  • Bøya hovudet framover akkurat i det han svel for å hindra at mat og drikke renn ned i luftvegane, og for å få til ei kraftigare svelging.
​​