Stemmevanskar

Ein skil mellom organiske stemmevanskar, funksjonelle stemmevanskar, organisk-funksjonelle stemmevanskar og fonasteni (tidlegare kalla «prestesjuke»).

 

​Organiske stemmevanskar

Organiske stemmevanskar oppstår pga organiske forandringar på stemmeleppene eller på nervane som styrer stemmebåndsmuskulaturen og kan gje lammelsar av muskulaturen.

 

Funksjonelle stemmevanskar

Funksjonelle stemmevanskar kan ein få pga feilbruk eller uhensiktsmessig bruk av stemma slik at det gjev problem over tid. Muskulære spenningar og kompensasjonar i ytre halsmuskulatur, tunge og svelgemuskulatur vil ofte bidra til dette. Det same gjeld spenningar i nakke, skuldre og kjeve. Uhensiktsmessig pusteteknikk kan også vera ei årsak til at stemma fungerer dårlegare over tid.

 

Ved organisk-funksjonelle stemmevanskar

Ved organisk-funksjonelle stemmevanskar vil feilbruk av stemma gje organiske forandringar på stemmeleppene som stemmebåndsknutar og polyppar.

 

Fonasteni

Fonasteni er i prinsippet eit funksjonelt problem der pasienten kjenner ulike former for ubehag, som t.d. at ein vert fort sliten i stemma, vert tørr i munn og/eller svelg, har klumpfølelse i halsen eller har smerter i tunge, kjeve eller rundt strupen.


Logopedane som jobbar med desse problema samarbeider med ØNH-poliklinikken som henviser aktuelle pasientar vidare til logopedisk behandling.
Dette vil i hovudsak vera pasientar med funksjonelle stemmevanskar og fonasteni-symptom.

Dersom ein har slike problem som er omtalt ovanfor kan ein få fastlegen til å henvisa til ØNH, Laryngologisk poliklinikk ved Haukeland universitetssjukehus. Der vil ein få ei vurdering av ØNH-lege og logoped og vil, dersom det er aktuelt, få vidarehenvising til, og oppfølging av logoped ved logopedtenesta.