Pragmatiske kommunikasjonsvanskar

Pragmatiske kommunikasjonsvanskar er vanskar med å tolka og uttrykkja verbalt og nonverbalt språk.

Hjerneslag, hovudskade eller svulstar i høgre hjernehalvdel, kan føra til forstyrring av funksjonell kommunikasjonsevne. 


Pragmatiske kommunikasjonsvanskar kan visa seg på fleire måtar, som til dømes:


  • Mange har vanskar med å uttrykkja og tolka kroppsspråk som til dømes  augekontakt, mimikk og gester. 
  • Evne til å forstå  og uttrykkja språk i overført tyding kan vera  vanskeleg for mange. Personen kan mellom anna få vanskar med å forstå vitsar, ironi og biletleg tale.
  • Nokre vil få endra setningsmelodi, slik at stemma høyrast  flat og monoton ut.    
  • Mange har vanskar med å følgja de sosiale reglane i samvær med andre, slik som å halda seg til tema, velja aktuelle samtaleemne og tendens til å avbryta andre.
  • Endra personlegdom.