Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dysartri

Artikulasjonsvanskar eller uttalevanskar vil seie redusert evne til å snakke tydeleg grunna svekking eller manglande koordinering av talemuskulatur.

Ved ein svikt i leppene, kjeven, tunga, ganen eller strupen, eller i nervebanane som leier til dei, vil talen kunne bli endra. Dysartri er ikkje ein eigen sjukdom men eit symptom ved andre sjukdomstilstandar som hjerneslag, hjerneskade, hjernesvulst, infeksjonar i nervesystemet, muskelsjukdomar, kreft i munnen, eller etter kirurgiske inngrep. 

Logopeden vil gjennomføre ulike undersøkingar, alt etter kva slags talevanskar ein har. Det kan vere aktuelt å undersøke funksjonen i lepper, kjeve og tunge, eventuelt også stemma og pusten.Logopeden kan lage øvingarsom er tilpassa artikulasjonsvanskane og gje råd for å oppnå mest mogleg tydeleg tale. Ved behov blir pasienten vist vidare til kommunal logoped ved utskriving. 

Sist oppdatert 04.03.2024