Logopedtenesta er organisert under Nevroklinikken. Vi har per i dag 9 logopedar ansatt i klinikken.
Logopedtenesta skal sjå til at pasientar får ei optimal oppfølging for vanskane sine. Logopedane tek del i det tverrfaglege teamarbeidet rundt aktuelle pasientar.
Vi skal også bidra til at pasientane får eit godt rehabiliteringstilbod etter utskriving ved å formidla behov og rettar til ansvarlege instansar i kommunane.
Kva gjer ein logoped?
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging og behandling/ opplæring av vaksne pasientar med behov for logopediske tenester etter sjukdom og/ eller skade
- Vidaremelding til heimkommunen om behov for logopedisk hjelp etter utskriving
- Bidra i det tverrfaglege samarbeidet
- Informasjon og rettleiing til pårørande
- Internundervisning om afasi og andre kognitive kommunikasjonsvanskar, stemmevanskar og svelgevanskar
- Overføring av kompetanse til 1.linjetenesta
- Undervisning og praksisrettleiing for logopedstudentar
Logoped ved Haukeland
Logopedtenesta har 8 logopedar som held til i Gamle Hovudbygg og yter tenester til alle avdelingar på Haukelandsområdet, bortset frå Barne- og ungdomsklinikken (BUK) som har sine eigne. Dei fleste henvisingar kjem frå Nevrologisk akuttpost, som er sengepost for pasientar med akutt hjerneslag, Parkinson sjukdom, MS, ALS og hjernesvulstar
Logopedtenesta har også ein fast, og ein deltidsstilling som er knytta til utreiing og oppfølging av stemmevanskar i samarbeid med ØNH-avdelinga.
Logoped ved Haraldsplass Diakonale Sykehus (HSD)
Logopedtenesta har ein fast, og ein deltidsstilling ved Haralsdplass Diakonale sjukehus. Dei fleste henvisningar kjem frå geriatrisk post, slagpost og Medisinsk dagpost, men logopedane yter også tenester til andre avdelingar der det er aktuelle pasientar.