Klinikken tar årleg imot nær 8000 pasientar for innlegging og om lag 18.000 pasientar for poliklinisk konsultasjon. Ved Nevrokirurgisk avdeling blir det utført omkring 1200 inngrep kvart år, av dei over 370 behandlingar i Strålekniv (gammakniv).
Forsking er ei av dei fire hovudoppgavene ved Nevroklinikken, og vi har eit av dei største forskingsmiljøa ved Haukeland universitetssjukehus. Nevroklinikken publiserer jamleg nye vitskapelege artiklar og har stadig fleire pågåande forskingsprosjekt.
Forskinga ved Nevroklinikken er i hovedsak konsentrert om nevroimmunologi, paraneoplasi, slag, Parkinsons sjukdom, hjernesvulstar og hjernecyster.
Leiinga i Nevroklinikken er lokalisert i Gamle hovedbygg saman med Nevrologisk avdeling, medan du finn Nevrokirurgisk avdeling i Sentralblokka i 7. etasje.
Logopedtenesta yter tenester til både Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus. Leiinga er lokalisert i Portnerboligen, medan logopedane utgår frå forskjellige stader rundt om på sjukehusa.
Avdelingane i Nevroklinikken har felles Nevropoliklinikk i Gamle hovedbygg.
Leiinga ved Nevroklinikken
Torhild Næss Vedeler, klinikkdirektør, Nevroklinikken
Stab
Rådgivarar, Nevroklinikk stab
Trine Drange