Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vil du jobbe i Utgreiingsmottak 1?

Utgreiingsmottak 1 er delt i to team: UMO 1 og Akuttposten. Dei tilsette er knytt til eitt av dei to teama, men vi samarbeider og hjelper kvarandre ved behov.

En person som bærer maske

Team UMO 1 er eit utvida mottak og tar imot pasientar frå alle fagområder og med forventa opphaldstid på inntil tre døgn. 

Team Akuttposten tar imot pasientar som treng medisinsk overvaking og behandling etter inntak av rusmiddel, eller ved behandlingskrevande abstinens. 

Ved Team UMO 1 blir pasientane tatt imot av eit tverrfagleg team beståande av legar, sjukepleiarar og andre helsefagarbeidarar. Eit av måla for Mottaksklinkken er at pasienten skal få rett diagnose så raskt som mogleg, og komme til rett behandlig på rett stad.  

Team UMO 1 kan tilby varierte arbeidsoppgåver, god opplæring, og eit godt arbeidsmiljø.

Team Akuttposten har ein individtilpassa tilnærming, og er opptatt av å ikkje overssjå somatiske årsaker til pasientens tilstand. Gjennomsnittleg opphaldstid er ca. 24 timer (maks. 48 timer).

Arbeidsoppgåvene i Team Akuttposten er både mottak av pasienter, overvåking, behandling, samt kartlegging av pasientens forhold. 
Vi har stort fokus på sikkerheit for både pasientar og tilsette. 

I Akuttposten kan vi tilby et godt tverrfaglig arbeidsmiljø og en spennande arbeidskvardag. Her utviklar du kompetanse innan både somatikk, psykiatri og rusproblematikk.  Du blir god til å sjå heile mennesket, vere fleksibel, og følge pasientens tilstand og utvikling.

Ine Skåtøy Holsen

Einingsleiar

ine.holsen.skatoy@helse-bergen.no 55971802
Sist oppdatert 09.01.2025