Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

For deg som er innlagt eller pårørande

Velkommen til Utgreiingsmottak 1

Her finn du praktisk informasjon som kan vere nyttig under opphaldet.

En person i rød skjorte

Vi ber deg ta kontakt med resepsjonen når du skal besøke nokon i      Utgreiingsmottak 1. 

Grunna undersøkingar, legevisitt og liknande kan det nokon gonger vere du må vente litt før du kan gå inn på rommet. 

Utgreiingsmottaka har eige buffet med kjøkkenpersonale. Du må gjerne komme til buffeten og ete om du vil.

Om du treng tilrettelagt kost, ta kontakt med sjukepleier eller kjøkenpersonale.

Frukost:        08:30 - 09:30 

Lunsj:            12:00 - 13:00

Middag:        15:30 - 16:30

Kveldsmat:   19:30 - 20:30

 

Du får utlevert medisinar av oss. Dersom du brukar viktige medikament som vi ikkje har på lager, er det fint om pårørande kan ta desse med seg til sjukehuset. 

Vi rådar deg til å la verdisaker ligge att heime. Sjukehuset har ikkje forsikringar som dekkjer tap av personlege ting. 

Generell praktisk informasjon frå Helse Bergen. Her finn du blant anna informasjon om internett, parkering, tilbod i sjukehuset, med meir. 

​Vi ønskjer at du som pasient, pårørande eller besøkande skal føle deg trygg og få god informasjon hos oss. Her finn du praktisk informasjon om korleis du skal komme deg hit, daglege rutinar, mattilbod, parkering og andre servicetilbod ved sjukehuset.

Her har me samla mykje praktisk informasjon.

Om du ikkje finn svar på det du lurer på, oppmodar vi deg til å ta kontakt med personalet.

Telefon vaktrom UMO 1 (for pårørende)
55971810
Sist oppdatert 09.01.2025