Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gruppe mennesker iført røde skjorter

For deg som er innlagt

Velkommen til Korttidsposten!

Her finn du praktisk informasjon som kan vere nyttig under opphaldet.

Korttidsposten er ein døgndriven observasjonspost som behandlar pasientar med avklåra tilstander og forventa opphaldstid på inntil eitt døgn. 

Dei aller fleste pasientane kan reise heim etter opphaldet i Korttidsposten. Andre treng behandling i ei spesialeining i sjukehuset, og vil bli overflytta til rett avdeling.  

Praktisk informasjon

Korttidsposten har eige buffet med kjøkkenpersonale. Du må gjerne komme til buffeten og ete om du vil.

Om du treng tilrettelagt kost, ta kontakt med sjukepleier eller kjøkenpersonale.

Frukost:        08:30 - 09:30 

Lunsj:            12:00 - 13:00

Middag:        15:30 - 16:30

Kveldsmat:   19:30 - 20:30

 

Helsepersonell har teieplikt for opplysingar som gjeld deg og din sjukdom. På fleirsengsrom er dette ei utfordring. 

Vi prøver ut ei ordning for å betre overhalde teieplikta ved legevisitt i fleirsengsrom. Når legen snakkar med dei andre pasientane på rommet, ber vi deg om å ta på dei lydtette høyretelefonane og sette på radio.

Du finn høyretelefonar og brukarrettleing på nattbordet. 

Pårørande er velkomne til å komme på besøk mellom kl. 10:00 - 20:00.

Når det er legevisitt (mellom kl. 09:30 og 12:30) set vi pris på pasientane ikkje har besøk inne på pasientrom.  

 

Du får utlevert medisinar av oss. Dersom du brukar viktige medikament som vi ikkje har på lager, er det fint om pårørande kan ta desse med seg til sjukehuset. 

Vi rådar deg til å la verdisaker ligge att heime. Sjukehuset har ikkje forsikringar som dekkjer tap av personlege ting. 

Generell praktisk informasjon frå Helse Bergen. Her finn du blant anna informasjon om internett, parkering, tilbod i sjukehuset, med meir. 

​Vi ønskjer at du som pasient, pårørande eller besøkande skal føle deg trygg og få god informasjon hos oss. Her finn du praktisk informasjon om korleis du skal komme deg hit, daglege rutinar, mattilbod, parkering og andre servicetilbod ved sjukehuset.

Her har me samla mykje praktisk informasjon.

Om du ikkje finn svar på det du lurer på, oppmodar vi deg til å ta kontakt med personalet.

Telefon vaktrom Korttidsposten (for pårørende)
55972495
Sist oppdatert 15.12.2023