Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

CAPNOR

CAPNOR-studien ser på kva effekt hurtigdiagnostikk kan ha for behandling av pasientar med lungebetennelse. Studien er eit samarbeid mellom Laboratorieklinikken og Mottaksklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus.

Foto: bioingeniør klargjør virusprøve
Foto: Bioingeniør klargjør virusprøve

​Når ein pasient vert lagt inn i sjukehus​​​ med samfunnserverva lungebetennelse, tar ein prøver av oppspytt frå lungene for å finne ut kva mikrobe som er årsak til sjukdomen.

Med dagens prøvetaking tar det opp til 24 timar før svaret på prøvene er klart. Det gjer at ein ofte startar med behandling med antibiotika før prøvesvaret kjem, utan å vite om det er riktig antibiotika for den mikroben pasienten har. 

​CAPNOR skal undersøkje kva verknad hurtig diagnostikk har på behandlinga. Når ein veit kva mikrobe som er årsaka til lungebetennelsen, er det mogleg å gje meir målretta antibiotikabehandling til dei som treng det, og i ein del tilfelle kan ein unngå å gje antibiotika i det heile. 

Ein ønskjer også å kartleggje kva mikrobar somm fører til lungebetennelse i vår tid. Dette kan ha endra seg mykje grunna nye luftvegsvirus, innføring av vaksine mot pneumokokkar i barnevaksinasjonsprogrammet, og ein endra folkesamansetting. 

​I inkluderingsperioden kunne alle som vart lagt inn med mistanke om lungebetennelse i Akuttmottak ved Haukeland universitetssjukehus bli inkludert i studien. Inkluderingsperioden vart ferdigstilt i 2023.

Studien er randomisert. Ein gruppe pasientar fekk standard behandling, og ein gruppe vart utgreidd og behandla med hurtigdiagnostikk. 

Det ble tatt prøve av oppspytt og ekstra blodprøvar av alle deltakarane. Av spyttprøven tok ein både vanleg luftvegsdiagnostikk og ein hurtigtest for ni virus og atten ulike bakteriar. Svaret på hurtigtesten var klar etter 1-2 timar. 

​Studien er godkjent  av Regional Etisk Komité (REK).

Prosjektleiarar: 

  • Harleen, Grewal, professor Universitetet i Bergen (UiB) og overlege i bistilling Haukeland Universitetssjukehus (HUS)
  • Rune Bjørneklett, professor og overlege Mottaksklinikken, HUS og UiB
  • Elling Ulvestad, professor UiB og avdelingsleiar Mikrobiologisk avdeling, Laboratorieklinikken, HUS

​​​Finansiering: 

​Studien er finansiert av Noregs Forskingsråd, med delfinansiering frå Trond Mohn Stiftelse, Universitetet i Bergen og Haukeland Universitetsssjukehus. 

Den første fasen av CAPNOR-studien har vist at det er muleg å bruke hurtigdiagnostikk i Akuttmottak for å teste for mikrober frå nedre luftvegar hjå pasientar med mistenkt lungebetennelse. Det var også fleire pasientar som fekk påvist ein eller fleire muleg sjukdomsframkallande mikrober ved hurtigdiagnostikk enn ved tradisjonell dyrking. 

Ved å bruke hurtigdiagnostikk fann ein fleire luftveismikrober på kortare tid, noko som gjer det muleg å starte med riktig type antibiotika allereie i Akuttmottak. 

I neste fase av studien skulle samanlikne pasientar som fekk hurtigdiagnostikk med pasienter som fekk vanleg utgreiing.

Covid-19-pandemien gjorde at studien ble forsinka, men bido óg til at vi gjorde ei studie kor vi samanlikna resultat av penselprøver frå hals med nedre luftveisprøver som testmateriale.Funna tyder på at ein med hurtig-PCR på halsprøver kan oppdage dei vanlegaste bakterielle luftvegsmikrobane i Akuttmottak. 

 

  1. Serigstad S, Markussen D, Grewal HMS, Ebbesen M, Kommedal Ø, Heggelund L, et al.: Rapid syndromic PCR testing in patients with respiratory tract infections reduces time to results and improves microbial yield. Sci Rep. 2022;12(1):326. 
  2. Markussen DL, Grewal HMS, Knoop ST, Serigstad S, Kommedal Ø, Ebbesen M, et al. Comparison of rapid molecular testing methods for detecting respiratory viruses in emergency care: a prospective study. Infect Dis (Lond). 2022;54(4):247-54. ​
  3. ​​Serigstad S, Ritz C, Faurholt-Jepsen D, Markussen D, Ebbesen MH, Kommedal Ø, et al. Impact of rapid molecular testing on diagnosis, treatment and management of community-acquired pneumonia in Norway: a pragmatic randomised controlled trial (CAPNOR). Trials. 2022;23(1):622. ​
  4. Serigstad S, Markussen DL, Ritz C, Ebbesen MH, Knoop ST, Kommedal Ø, et al. The changing spectrum of microbial aetiology of respiratory tract infections in hospitalized patients before and during the COVID-19 pandemic. BMC infectious diseases. 2022;22(1):763. ​​

Sondre Serigstad, 2023: 

Syndromic molecular testing in adults hositalixed for suspected community-aquired pneumonia. Avhandling (PHD), Universitetet i Bergen. 

Sist oppdatert 02.10.2023