Akuttposten tar i mot pasientar frå heile Helse Bergen, og har inga aldersgrense. Liggjetida er maksimalt 48 timar. I den akutte behandlingskjeda inngår også avrusingsplassar på Skuteviksklinikken ved Stiftelsen Bergensklinikken og/eller stabilisering ved Stabiliseringsposten ved Avdeling for rusmedisin, seksjon Askøy.
Ved Akuttposten er det 2-3 sjukepleiarar og lege på jobb heile døgnet. I vekedagane har vi sosialfagleg team frå Bergen kommune til stades som tilbyr individuell oppfølging av kvar pasient.
Legge inn pasient ved Akuttposten
Akuttposten tar berre imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp. For å legge inn ein pasient må innleggande lege ringe vakthavande lege ved Akuttposten for å melde pasienten og avklare om det er ledig plass.
Pasientar som kan leggast inn ved Akuttposten:
- Medvitslause pasientar der det er sterk mistanke om rusintoks og ikkje mistanke om alvorleg hovudskade.
- Pasientar som har fått motgift prehospitalt på grunn av nedsatt respirasjon og medvit.
- Mistanke om rusutløyste psykosar der pasienten frivillig går med på innlegging på Akuttposten.
- Alvorleg abstinens der det er behov for abstinensbehandling og overvaking.
- Pasientar som grunna rusinntak har behov for medisinsk overvaking.
- Pasientar som av medisinske grunnar treng øyeblikkeleg hjelp-forløp innen avrusing og stabilisering. Desse pasientane bør i forkant av innlegging drøftast med vakthavande lege på Akuttposten.