Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nyreskulen

Nyreskulen er eit tilbod for kroniske nyresviktpasientar og deira pårørande. Nyrespesialistene kan henvise pasientane til nyreskolen.

Målsetting

  • Hjelpe pasientar og pårørande til å mestre kvardagen med nyresvikt.
  • Gi individuell rettleiing og undervisning som gir muligheit til å delta aktivt i val av behandling.

Undervisningstilbodet består av tre delar:

  1. Ein individuell samtale saman med ein pårørande. Den varer 1-2 timar. Der går vi gjennom informasjonsmateriale tilrettelagt for kvar enkelt pasient.
  2. Gruppeundervisning/kurs. Blir arrangeret vår og haust. Kurset går over fire gangar à 2,5 timar. Undervisninga er eit samarbeid mellom blant anna lege, sjukepleiar, ernæringsfysiolog, sosionom, fysioterapeut, psykiater og brukarorganisasjon LNT.
    Emne som blir tatt opp:
    • Nyrene sin oppbygning og funksjon 
    • Sjukdommar og sjukdomstegn 
    • Medisinar 
    • Ernæring 
    • Å leve med kronisk sjukdom 
    • Mosjon 
    • Trygderettigheiter 
    • Behandlingsalternativ (bloddialyse/posedialyse) 
    • Transplantasjon
    • Kurset har ein viktig sosial komponent. Vi et saman og pasientane møter andre i same situasjon.
        
  3. Ein individuell telefonsamtale noen månader etter kurset. Pasientane har elles muligheit å ta kontakt ved behov. 

Pasientkurs for deg med nyresvikt

Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.

Her finn du info om kurs datoer.

Du må ha tilvisning for å delta på kurset. 

Les meir om nyrekurs
Et rom med bord og stoler
Sist oppdatert 10.04.2024