Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medisinsk overvakningseining MOE - post 6

Vi er ein av to infeksjonspostar på sjukehuset og er akuttpost der vi behandlar blant anna inntil 10 pasientar med alvorlege medisinske tilstandar som blodforgifting, hjernehinnebetennelse, respirasjon og sirkulasjonsforstyrringar.

MOE har 10 overvakningssenger i Medisinsk klinikk. Her behandler vi akutt/kritisk sjuke pasienter med ulike medisinske diagnoser som sepsis, meningitt, covid-19, blødninger fra mage- og tarm, ketoacidoser og andre elektrolyttforstyrrelser. 


Vi behandlar også ulike infeksjonar som diaré, sår, tropesjukdommar, immunsvikt, influensa og infeksjon på hjarteklaffar. Sengene våre er fordelt på fire einerom, eit tomannsrom og fire sengar på ei overvakningsstove. Vi har og to luftsmitteisolat. 


Pasientromma våre har slusesystem, som gjer at dei fleste romma kan brukast som isolat. På luftsmitteisolat kan vi behandle pasientar med t.d. ebola og tuberkolose. 


Leiar: Avdelingssjukepleiar Hilde M. Dale.

Kontakt

Telefon

Vi får til tider svært mange telefonhenvendelser. I store familier/nettverk er det derfor ønskelig at det kun er én eller to personer som har telefonkontakt med avdelingen. Vennligst unngå å ringe i tidsrommet kl. 07–09 og 14–15.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 7. etasje i Sentralblokka.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 20:00
  • Måndag 17:00 - 20:00
  • Tysdag 17:00 - 20:00
  • Onsdag 17:00 - 20:00
  • Torsdag 17:00 - 20:00
  • Fredag 17:00 - 20:00
  • Laurdag 17:00 - 20:00
  • Søndag 17:00 - 20:00
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøkstida er kvar dag mellom klokka 17.00 og 20.00. Dersom du ønskjer å koma på besøk på eit anna tidspunkt må du avtale dette med personalet. Nokre gongar vil vi avgrense talet på besøkjande. Ofte gjeld dette pasientar på isolat, pasientar som treng ro eller fleirmannsrom der medpasientar treng ro. 

  • Kontakt personalet før du går inn til pasienten. 
  • Snakk med personalet dersom du har med mat eller drikke som må varmast eller blir oppbevart. 
  • Hovudregelen er 1-2 besøkjande om gongen. På overvakingsrommet vil vi ofte avgrense besøk for å skjerme medpasientar. Avklar gjerne besøk i forkant.  
  • På overvakingsrommet kan du ikkje snakke i mobiltelefon, hugs også å slå av lyden. Vi har dessverre ikkje eige pårøranderom i avdelinga. 
  • Skal du besøkje fleire pasientar på same dag må den som ligg på smitteisolat bli besøkt sist. 
  • Besøkjande skal ikkje drikke eller ete på isolata.  
  • Unngå å sitte på sengekanten, bruk heller ein stol.  
  • Pårørande kan ikkje bruke pasient- eller personaltoalett.  
  • Unngå å ta inn yttertøy, vesker eller liknande på eit isolasjonsrom. Spør personalet om kvar du kan henge dette frå deg. Verdisakene dine tek du med deg.  

Det er ikkje tillate med potteplantar på avdelinga, dette på grunn av fare for oppvekst av bakterier i blomsterjord. Vi ønskjer også å unngå blomsterbukettar på overvakinsstova blant anna pga allergiar.

Haukeland Hotell ligg like ved sjukehuset, ring: 55976800. Sjukehuset dekkjer ikkje utgifter til reise og opphald for pårørande til vaksne pasientar. Ta eventuelt kontakt med NAV. ​

Vi oppfordrar deg til å alltid ha det reint og ryddig på nattbordet ditt og rundt senga di. Kast skittentøy i tøysekken på badet.  Hugs å bruk hånddesinfeksjonen som heng på veggen på rommet ditt. 

  • Vask/sprit deg alltid på hendene etter toalettbesøk og før måltider. 
  • Unngå å ta på sår eller bandasjar. 
  • Dersom bandasjen din løsnar, er våt eller blodig; gje beskjed til personalet. 
  • Bruk sko/tøflar når du trør på golvet. ​​

Legevisitten går kvardagar frå ca. kl. 10.00 – 11.30. Det fint om du kan vere på rommet ditt i dette tidsrommet. I løpet av ettermiddagen vil legen som regel sjå til nye inneliggande pasientar.  

Laurdag, søndag og heilagdagar er det ein kortare legevisitt til nye pasientar, og til pasientar som treng spesiell oppfølging. Det kan vere lurt å skrive ned spørsmål du vil stille til legen. Dersom pårørande ønskjer å vere med på visitten, er det fint om dette blir avtalt på førehand. Har du behov for å snakke med legen utanom visitten, gi beskjed til oss, så formidlar vi det vidare. Ved utreise vil du få ein utskrivingssamtale med lege. 

Alle pasientar som har høve til det skal eta i buffeen. 
Buffeen er open for servering i tidsrommet:   
Frukost kl. 08.00-09.00   
Lunsj kl.12.00-13.00  
Middag kl. 15.30-16.30  
Kvelds kl. 19.30-20.30  
​Til sengeliggande/isolerte pasientar blir maten servert inne på pasientrommet 20-30 minutt etter oppsett tid. 



Dagen startar med morgonstell, måling av blodtrykk, puls, temperatur og eventuell blodprøvetaking. Sjukepleiarar og legar diskuterer pasientane i previsitt kl 9.15. Frå kl 10 er det visitt hos pasientane. Pleiepersonellet har vaktskifte kl. 07, kl.14.30 og kl. 22. ​

Det er ikkje tilgang til fasttelefon på avdelinga. Du kan bruke mobiltelefon, men ver venleg å t.nk på dei du deler rom med, avgrens bruk og demp lyd etc. Pårøande er sjølvsagt velkommen til å ringe avdelinga, det ønskeleg at det er pasienten sine hovudpårørande som har telefonkontakt. Takk for at du ikkje ringer oss i vaktskiftet mellom 07–09 og 14–15. Telefonnummer til medisin post 6: 55 97 37 20 .​

Å bli isolert treng ikkje bety at du er spesielt sjuk eller ”farleg”, men vi vil unngå at dei bakteriane i kroppen din som har gjort deg sjuk, skal spre seg til andre pasientar. Personalet vil vanligvis bruke gul frakk, hanskar og nokre gongar munnbind før dei kjem inn på rommet ditt. Dei som besøkjer deg må som oftast, ha den same påkledningen som personalet. Du kan ikkje gå ut av rommet ditt utan at du har avtalt dette med lege eller sjukepleiar. ​

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

La aldri verdisaker/eigedelar liggje synleg! Dersom du forlet rommet, må du ta med deg verdisaker eller få personalet til å låse dei inn. Avdelinga er ikkje ansvarleg for verdisaker som forsvinn under opphaldet. ​

Jobb på medisinsk overvakningseining

Vår jobb er å overvake kritisk sjuke pasientar. Velkommen til ein post med stadig på nye utfordringar, problemstillingar og diagnoser.
Jobb hos oss
sjukepleiar i verneutstyr_foto